Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Giselle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giselle
OriginaltittelGiselle
Sjangerballett
MusikkAdolphe Adam
Premiere28. juni 1841
PremierestadPariseroperaen
KoreografJean Coralli, Jules Perrot
Carlotta Grisi som den fyrste Giselle (1842)

Giselle, eller Willisene (fransk Giselle, ou Les Wilis) er ein romantisk ballett i to akter. Jules-Henri Vernoy de Saint-Georges og Théophile Gautier skreiv librettoen medan koreografien var ved Jules Perrot og Jean Coralli. Musikken vart komponert av Adolphe Adam. Balletten hadde urpremiere på Paris-operaen den 28. juni 1841.[1] Giselle vart laga særskilt for den italienske ballerinaen Carlotta Grisi. Inspirasjonen kom frå Willis i Elementargeister av Heinrich Heine og frå diktet Les Orientales av Victor Hugo som handla om ei jente som døydde etter å ha dansa heile natta.

Balletten handlar om uavklart kjærleik, svik og forsoning. Den fattige bondejenta Giselle arbeider på et herberge i eit fjellandskap saman med mora Berthe, som passer godt på dottera. Unge og uskyldige Giselle elskar å danse, men lir av eit svakt hjarte. Skogvaktaren Hilarion er svært forelska i ho. Grev Albrecht, som òg er forelska i Giselle, kjem på vitjing. Hilarion og Albrecht slåst.

Giselle si mor fortel dottera om «Willisane», andane til jomfruer som vart svikta av mennene sine før dei gifta seg. Willisane går rundt på natta og hemnar seg på menn ved å tvinga alle dei treff til å dansa til dei døyr.

Bathilde kjem, og Giselle fortel Bathilde at ho er blitt trulova med Albrecht. Når Giselle får vita at Albrecht allereie er trulova med Bathilde, tek ho livet av seg i sorg.

På kvelden kjem Willisane fram, leia av dronninga Myrtha. Giselle kallast fram og Albrecht kjem. Giselle freistar å trøysta Albrecht. Hilarion vert fanga av Willisane og drepen av Myrtha. Albrecht skal eigentleg òg drepast, men Giselle verjar han til morgonen kjem og makta til Willisane er over. Giselle og Albrecht tek farvel for siste gong og Giselle forsvinn.

Oppsetjingar i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Giselle har vore sett opp ei rad gonger i Noreg, seinast ved Den Norske Opera & Ballett i 2020. Hovudrolla som Giselle vart dansa av solistane Whitney Jensen, Melissa Hough og Grete Sofie Borud Nybakken.[2]

  1. «Giselle | Romantic Ballet, 19th Century, Choreography | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 10. september 2024 
  2. «Giselle ganger tre», www.operaen.no (på engelsk), henta 10. september 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]