Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Glashedy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Glashedy (irsk Glaiséidí ) er ei lita øy om lag 1,5 km frå Pollan Bay i Ballyliffin i County Donegal i Republikken Irland. Fram til tidleg på 1800-talet vart øya kalla Seale Island. Øya er ikkje busett.

Den norske omsetjinga av namnet er Øya med den grøne kappa, som kjem av at heile øya er dekt av gras. Gjennom tidene har forskjellige skip forlist nær øya, som har gjeve gode fiskeforhold i området og i tillegg medverka til rottebestanden på øya.