Groznyj
Groznyj Грозный | |||
---|---|---|---|
Utsyn i Groznyj i 2011. | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Tsjetsjenia | ||
Grunnlagd Bystatus |
1818 desember 1869 | ||
Borgarmeister | Muslim Khuttsjijev | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
2 996 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
222 000 74,1 /km² | ||
Koordinatar | 43°19′0″N 45°42′0″E / 43.31667°N 45.70000°E | ||
Høgd over havet | 130 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 364000–364068 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8712 | ||
Nettstad: www.grozmer.ru/ |
Groznyj (russisk skrift Гро́зный, tsjetsjensk Соьлжa-ГІала, Solj Ghaala) er hovudstaden i den russiske republikken Tsjetsjenia.
I 1992 hadde byen om lag 480 000 innbyggjarar, men etter to krigar og meir enn ti års samanhengande uro er byen i ruinar og folketalet meir enn halvert (222 000 i 2007).
Groznyj vart grunnlagt av russarane i 1818 som eitt av fleire fort langs elva Sunzja. Staden var ein søvnig utpost fram til kommersiell oljeproduksjon kom i gang i 1883. Det var starten på ei rivande utvikling av byen som utvikla seg til eit senter for oljeindustrien i eit større område, med raffineri, produksjonsbedrifter og serviceverksemd tilknytt oljeproduksjonen. Produksjonen toppa seg i 1932 då Groznyjfelta utgjorde 1/3 av sovjetisk oljeproduksjon. I dag ligg oljeindustrien i ruinar, saman med det meste av tsjetsjensk økonomi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Groznyj» frå Wikipedia på bokmål, den 23. desember 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Groznyj - Tsjtsjenia: Biletsoge - frå 1999
- Grozny: Fallen City Arkivert 2011-03-07 ved Wayback Machine. - fotoreportasje frå Time Magazine