Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Gudinna Libertas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Libertas framstilt på ein romersk mynt.

Libertas er namnet på fridomsgudinna i romersk mytologi. Eit tempel til hennar ære vart innvigd på Mons Aventinus av Tiberius Gracchus i 238 f.Kr., og seinare restaurert av keisar Augustus.[1] Libertas blir vanlegvis framstilt som ei matrone med laurbærkrans eller ein såkall pileus, ein kjegleforma hatt som vart nytta av romarane.[2]

  1. Fuchs, J.W. (1999). Antikkleksikonet. Aschehoug i samarbeid med Fondet for Thorleif Dahls kulturbibliotek og Det norske akademi for sprog og litteratur. s. 151. ISBN 8203178405. 
  2. «Libertas». Encyclopædia Britannica. 2008. Henta 2. juni 2019. 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.