Guggenheimmuseet i Bilbao
Guggenheimmuseet i Bilbao | |||
| |||
Stad | Bilbao | ||
---|---|---|---|
Skipa | 18. oktober 1997 | ||
Guggenheimmuseet i Bilbao 43°16′08″N 2°56′03″W / 43.26883°N 2.934099°W |
Guggenheim-museet er eit kunstmuseum for moderne kunst og samtidskunst i Bilbao i Baskarland i Spania. Det opna i oktober 1997 i ein bygning utforma av Frank Gehry.
Store delar av museet vert brukt til mellombelse utstillingar. Desse har mellom anna inkludert ei omfattande aztekar-utstilling og ei utstilling med abstrakt ekspresjonisme innan målarkunsten.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Museet var resultatet av mange år med planlegging og samarbeid mellom baskiske styresmakter og Solomon R. Guggenheim-stiftinga. Baskiske styresmakter hadde lenge hatt ein plan om å revitalisera Bilbao som ein europeisk kulturby, og tok i 1991 kontakt med Guggenheim-stiftinga om støtte til å skipa eit eige museum i Bilbao.[1][2][3] Dei baskiske styresmaktene gjekk med på å dekka byggekostnadane på 100 millionar US-dollar, å skapa eit kjøpsfond på 50 millionar dollar, å betala Guggenheim-stiftinga ein eingongssum på 20 millionar og å subsidiera det årlege budsjettet til museet på 12 millionar. I bytte skulle stiftinga driva institusjonen, rotera inn delar av den permanente samlinga si til det og skipa til mellombelse utstillingar.[4]
Den karakteristiske museumsbygningen vart teikna av den nordamerikanske arkitekten Frank O. Gehry, og er i stor grad dekt av titan. Glas, ulike steintypar og dessutan vatn utgjer viktige designelement i anlegget. Museet vart bygt av Ferrovial,[5] og kosta 89 millionar dollar.[6] Rundt 5 000 folk frå Bilbao var med på tilstellinga utanfor museet kvelden før opninga, som omfatta lysshow og konsertar. 18. oktober 1997 blei museet opna av kong Juan Carlos I.[3]
Faste utstillingar
[endre | endre wikiteksten]- The Matter of Time. Skulpturar/installasjonar av skulptøren Richard Serra (fødd i San Francisco i 1939)
- Galleri 103:
- Robert Rauschenberg, abstrakt ekspresjonisme m.m.
- Amerikansk popkunst frå 1960 og framover, med verk av m.a. Jim Dine, Roy Lichtenstein, Claes Oldenburg, James Rosenquist og Andy Warhol
- Galleri 105:
- Representantar frå den hovudsakleg italienske retningen Arte Povera ('fattig kunst'), med verk av m.a. Mario Merz og Jannis Kounellis
- Verk av Richard Long med naturleg materialar som tre, stein og jord kombinert med geometriske figurar (som i verket Bilbao Circle frå 2000)
- Anselm Kiefer sine bilde vert ofte kalla «nyekspresjonistiske» og inkluderer både måling og organiske materialar som oske, jord, strå og frø
- Verk og installasjonar som inngår i bygningsanlegget er m.a:
- Jeff Koons sin store og fargerike hundekvalpskulptur utanfor hovudinngangen
- Louise Bourgeois sin store og livaktige edderkopp i bronse
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Templar, Karen. "Frank Gerry", Salon, 5. oktober 1997, vitja 21. mars 2012
- ↑ "Guggenheim Museum Bilbao", The Solomon R. Guggenheim Foundation, vitja 4. april 2012
- ↑ 3,0 3,1 Security tight before Guggenheim Museum opens in Basque city, CNN, 18. oktober 1997
- ↑ Riding, Alan. "A Gleaming New Guggenheim for Grimy Bilbao", The New York Times, 24. juni 1997.
- ↑ «Ferrovial history». Arkivert frå originalen 6. august 2010. Henta 31. juli 2021.
- ↑ Ouroussoff, Nicolai. "The Architect's New Museum in Bilbao, Spain, Emerges as a Testament to One Man's Optimism Amid a Landscape of Industrial Decay", Los Angeles Times, 2 June 1997.
- Denne artikkelen bygger på «Guggenheimmuseet i Bilbao» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2018.