Gultoppkakadu
Gultoppkakadu | |
Gultoppkakadu Foto: JJ Harrison
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Gultoppkakadu | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Kakaduer Cacatuidae |
Slekt: | Cacatua |
Art: | Gultoppkakadu C. galerita |
Vitskapleg namn | |
Cacatua galerita |
Gultoppkakadu eller gultoppkakadue, Cacatua galerita, er ei relativt stor kvit kakadu funnen i skogkledde habitat i Australia og Ny-Guinea. Lokalt kan dei opptre særs talrike, noko som fører til at dei nokre gonger blir vurdert som skadedyr. Dei er vel kjente i fuglerøkt, sjølv om dei kan vere krevjande kjæledyr.
Gultoppkakadua har ei total lengd på 44-55 cm, den australske underarten er større enn underarter på Ny-Guinea og nærliggande øyar. Fjærdrakta er samla sett kvitt, medan undervengen og halen er farga gult. Den uttrykksfulle fjørtoppen på hovudet er gul. Nebbet er svart, beina er grå, og augeringen er kvitaktig. Hannar har vanlegvis nesten svarte auge, medan hoene har meir raude eller brune auge, men dette krev optimale lysforhold for å avgjere.
Utanfor Australia har dei vorte introduserte til Singapore, der talla rekna å vere mellom 500 og 2000. Dei har òg vorte introdusert til Palau og New Zealand.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sulphur-crested Cockatoo» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2012.