Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Half-Life 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
HλLF-LIFE 2
Utviklar(ar)Valve Corporation
Utgjevar(ar)Valve Corporation, Sierra Entertainment
DistributørVivendi Games, Steam, Google Play
Komponist(ar)Kelly Bailey
SerieHalf-Life
SpelmotorSource
Siste versjonSource 24 (Build 5345)
Plattform(er)Windows, Xbox, Xbox 360, PlayStation 3, OS X, Linux, Shield Portable.
Utgjeving16. november 2004
SjangerFyrstepersons skytespel
SpelemodusEnkeltspelar
Aldersgrense15+
Nettstadhttps://www.half-life.com/en/halflife2
Del av serien Half-Life⠀
←Half-Life  · Half-Life 2: Episode One, Half-Life 2: Lost Coast→

Half-Life 2 er eit fyrste-persons skytespel utvikla av Valve Corporation gjeve ut den 16. november 2004 til Windows, Xbox, Xbox 360, PlayStation 3, OS X, Linux og Shield Portable. Spelet kom ut etter ei femårig utvikling med eit budsjett på $ 40 000 000, der ein vesentleg del av prosjektet vart leke og distribuert på Internett. Spelet vart utvikla saman med Valve si Steam-programvare. Spelet introduserte spelemotoren Source. Grunna Steam var det det fyrste enkeltspelar spelet som kravde online produktaktivering.

Half-Life 2 fekk slik som sin forgjengar strålande kritikkar. Det fekk ros for sin avanserte fysikk, animasjon, lydar, AI, grafikk og historie. Spelet vann 39 Game of the Year-prisar og fekk tittelen «Game Of The Decade» på Spike Video Game Awards i 2012. Pr. februar 2011 har Half-Life 2 selt over 12 million eksemplar.

Oppfylgjarar

[endre | endre wikiteksten]

Sidan utgjevinga av Half-Life 2 har Valve Corporation utgjeve eit ekstra nivå og to oppfylgjarar. Nivået Half-Life 2: Lost Coast, var meint å finne stad mellom nivåa «Highway 17» og «Sandtraps». Det er fyrst og fremst ein presentasjon av høg-dynamisk rekkevidde (HDR) teknologi. Den fyrste tilleggspakke oppfylgjaren, Half-Life 2: Episode One, finn stad rett etter hendingane i Half-Life 2, der spelaren igjen tek på seg rolla som Gordon Freeman, og der Alyx Vance speler ei endå større rolle. Half-Life 2: Episode Two held fram direkte etter avslutninga av Episode One. Her skal Alyx og Gordon finne vegen til White Forest-basen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]