Hallvard
Utsjånad
Hallvard og Halvard er norske mannsnamn avleidd frå norrønt Hallvarðr. Hallr er tolka som 'stein' og varðr betyr 'vaktar'.[1] Hallvard og det nærskylde Halvor har namnedag den 15. mai.
Namnet finst også med skrivemåtane Hallvar, Halvar og den islandske Hallvarður.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet er nokså sjeldan, men har vore i bruk på heile 1900-talet med nokre småtoppar rundt 1920- og 1990-talet. I 2009 var det 1591 menn i Noreg som heitte Hallvard.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Hallvard Vebjørnsson (Sankt Hallvard) (ca. 1020–1043), norsk helgen, vernehelgen for Oslo
- Hallvard Gråtopp (truleg død 1438), norsk småkonge og opprørsleiar
- Hallvard Sandnes (1893–1968), norsk lærar, forfattar og målmann
- Hallvard Devold (1898–1957), norsk fangstmann, meteorolog og oppdagingsreisande
- Halvard Hatlen (1899–1957), norsk biletkunstnar
- Hallvard Lange (1902–1970), norsk politikar
- Hallvard Eggset (1915–1999), norsk langrennar
- Hallvard Magerøy (1916–1994), norsk filolog
- Hallvard Eika (1920–1989), norsk politikar
- Hallvard Rieber-Mohn (1922–1982), norsk forfattar og geistleg
- Halvar Björk (1928–2000), svensk skodespelar
- Halvard Johnson (f. 1936), USA-amerikansk diktar
- Hallvard Kvåle (1941–2006), norsk musikkskapar
- Hallvard Bakke (1943–), norsk politikar (Ap)
- Hallvard Grav (1943–2006), norsk prest
- Hallvard T. Bjørgum (f. 1956), norsk folkemusikar og sølvsmed
- Hallvard Flatland (f. 1957), norsk mediemann
- Hallvar Thoresen (f. 1957), norsk fotballspelar
- Hallvard Holmen (f. 1966), norsk skodespelar
- Halvard Hanevold (f. 1969), norsk skiskyttar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hallvard» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Hallvard hjå Statistisk Sentralbyrå