Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap | |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 912423921 | ||
Bransje | Sjøfart, Vegtransport, kollektivtransport, transport | ||
Skipa | 23. oktober 1880 | ||
Etterfylgjar(ar) | Tide | ||
Dotterselskap | HSD Transport, HSD Buss | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg |
Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ASA (forkorta HSD ASA) er eit tidlegare transportkonsern med hovudkontor i Bergen. I 2006 vart HSD slege saman med Gaia Trafikk til selskapet Tide.
Selskapet var delt opp i tre dotterselskap:
- HSD Sjø AS
- HSD Buss AS
- HSD Transport AS* (Dette selskapet vart seld til Posten i 2005. HSD avslutta med dette eit 125-årig engasjement innan godstransport.)
HSD Sjø dreiv snøggbåt- og ferjeruter i Hordaland fylke og «Flaggruten» mellom Bergen og Stavanger. Dei siste åra reiste 2 millionar passasjerar i året med HSD Sjø AS og i 2003 frakta ferjene til selskapet 4,6 mill bilar. HSD Sjø AS hadde 31 ferjer og 10 snøggbåtar.
HSD Buss dreiv rute- og turkøyring med buss i Hordaland og deltok òg i fleire ekspressbussruter i samarbeid med andre selskap. Selskapet hadde 630 bussar og frakta i 2003 15 mill passasjerar.
(HSD Transport dreiv godstransport med ruter over heile landet, og hadde eit internasjonalt tilbod gjennom samarbeid med Frans Maas Norge AS. HSD Transport blei eige aksjeselskap frå 1. januar 2001, og hadde om lag 130 tilsette. Posten overtok selskapet i 2005 og arbeider med å samordne aktiviteten med sine andre datterselskap, Nor-Cargo og Nettlast)
I 2003 hadde HSD ein omsetnad på 1,83 mrd. kroner. Konsernet hadde ca. 2 100 tilsette.
HSD var ein del omtala i media dei siste åra, særleg etter Sleipner-forliset den 26. november 1999, der M/S «Sleipner» gjekk på grunn og sokk ved skjeret Stora Blokso utanfor Ryvarden, med tap av 16 menneskeliv.
Hausten 2005 blei det lansert planar om ein fusjon mellom HSD og busslaget Gaia Trafikk. Fusjonen måtte godkjennast av bystyret i Bergen, fordi Bergen Kommune er største aksjonær i Gaia Trafikk. I juni 2006 godkjente fleirtalet i bystyret fusjonsplanane, men med merknader om kommunen sin sendemann berre skulle røyste for fusjonen om styreleiaren i det fusjonerte selskapet var ei kvinne. Samstundes vedtok bystyret samrøystes å anmode kommunen om å arbeide for at nynorsk skulle vere forretningsspråk i det nye selskapet. 3. november 2006 vart selskapet skipa, og fekk namnet Tide.
Historie
[endre | endre wikiteksten]- 1880: HSD vart stifta etter samanslåing av selskapa Interessentskabet Hardangeren (1869) og Det Søndhordlandske Dampskibselskab (1871)
- 1883 HSD tok over Det Vestlandske Dampskibselskab
- 1890 HSD starta landliggerbyrå (reisebyrå)
- 1928 Fyrste bilferje (kombinert med gods og passasjerar). HSD var det fyrste ruteselskapet i Noreg som starta bilruter
- 1938 Første reine bilferje vart levert - M/F «Folgefonn»
- 1950 Ei klasse for alle reisande
- 1955 HSD tok over 10 lokale bilselskap og HSD Bilane vart stifta
- 1961 HSD kjøpte inn hydrofoilbåt - M/S «Teisten»
- 1962 HSD tok over Det Midthordlandske Dampskipsselskap
- 1974 Sameiget «Flaggruten» vart stifta (HSD, DSD, SDA)
- 1991 HSD tok over Flaggruten
- 1998 HSD tok over Voss Frakt
- 1999 HSD Buss AS vart etablert – Bergen Hardanger Voss Billag kom inn i HSD
- 2000 Fusjon med Vest Trafikk, som vart ein del av HSD Buss AS
- 2000 HSD Sjø AS vart etablert
- 2001 HSD Transport AS vart etablert
- 2001 HSD tok over buss-, gods- og ferjedrifta i Bergen Nordhordland Rutelag
- 2003 HSD overtok Haugaland Billag NRK Hordaland
- 2005 HSD feira 125 års jubileum
- 2005 HSD og Stavangerske oppretta selskapet Nor Ferjer for drift av ferjesamband med anbod.
- 2005 HSD Transport AS vart seld til Posten
- 2006 HSD opphøyrde som eige selskap etter fusjonen med Gaia.
Tidlegare HSD skip
[endre | endre wikiteksten]Dampskip
[endre | endre wikiteksten]- DS «Hardangeren» av 1880 (HSD 1880 – 1950)
- DS «Søndhordland» av 1872 (HSD 1880 – 1949)
- DS «Hordaland» av 1880. (HSD 1880-1936)
- DS «Folgefonden» av 1883. (HSD 1883-1908)
- DS «Vikingen» av 1865. (HSD 1883-1898)
- DS «Lyderhorn» av 1878. (HSD 1883-1916)
- DS «Vøringen» av 1891. (HSD 1891-1951)
- DS «Vikingen» av 1900. Seinare D/S «Vøringen» (1957) og D/S «Tyssedal» (1959) (HSD 1900-1959)
- DS «Ullensvang» av 1907. Seinare D/S «Ullensvang II» (1952) (HSD 1907-1952)
- DS «Rosendal» av 1909. (HSD 1909-1952)
- DS «Tyssedal» av 1911. (HSD 1911-1941)
- DS «Stord» av 1913. (HSD 1913-1969, motorskip frå 1949)
- DS «Hardangerfjord» av 1913. (HSD 1913-1949)
- DS «Fjæra» av 1869. (HSD 1916-1949)
- DS «Ulvik» av 1886. (HSD 1922-1938)
- DS «Ternen» av 1897. (HSD 1923-1957)
- DS «Aalvik» av 1929. (HSD 1929-1962)
Motorskip
[endre | endre wikiteksten]- MS «Austli» av 1917. (HSD 1920-1948)
- MS «Haugland I» av 1929. (HSD 1929-1946)
- MS «Tysnes» av 1930. (HSD 1930-1963)
- MS «Kinsarvik» av 1930. (HSD 1930-1959)
- MS «Granvin» av 1931. (HSD 1931-1968)
- MS «Eidfjord» av 1935. (HSD 1935-1973)
- MS «Hordaland» av 1937. (HSD 1937-1970)
- MS «LCG (L) 681» av 1945. (HSD 1947-1949)
- MS «Sunnhordaland» av 1943. (HSD 1947-1974)
- MS «Bremnes» av 1949. Seinare M/S «Bremnesing» (1978). (HSD 1949-1978)
- MS «Kvinnherad» av 1950. (HSD 1950-1957)
- MS «Bjoa» av 1932. (HSD 1950-1967)
- MS «Ullensvang» av 1952. (HSD 1952-1980)
- MS «Ulvik» av 1952. (HSD 1952-1972)
- MS «Halsnøy» av 1957. (HSD 1957-1981)
- MS «Hardangerfjord» av 1959. Seinare M/S «Hardangerfjord I» (1982) (HSD 1959-1982)
- MS «Teisten» av 1961. (HSD 1961-1969)
- MS «Midthordland» av 1947. (HSD 1962-1971)
- MS «Etne» av 1962. (HSD 1962-1983)
- MS «Tjelden» av 1963. Seinare M/S «Tranen» (1980). (HSD 1962-1982)
- MS «Teisten» av 1970. (HSD 1970-1988)
- MS «Tedno» av 1973. Seinare M/S «Tedno I» (1992) og M/S «Hardangerfjord» (1996). (HSD 1962-1999)
- MS «Sunnhordland» av 1975. (HSD 1975-1999)
- MS «Bremnes» av 1978. (HSD 1978-1990)
- MS «Tjelden» av 1980. (HSD 1980-1989)
- MS «Midhordaland» av 1981. Seinare M/S «Midthordaland» (1982) (HSD 1981-1994)
- MS «Karmsund» av 1979. (HSD 1982-1990)
- MS «Hardangerfjord» av 1982. (HSD 1982-1994)
- MS «Vøringen» av 1983. (HSD 1983-1989)
- MS «Røyksund» av 1985. (HSD 1985-1990)
- MS «Øygar» av 1975. Seinare M/S «Teisten» (1988) (HSD 1986-1995)
- MS «Concorde II» av 1988. Seinare M/S «Tranen» (1991) (HSD 1990-1995)
- MS «Sleipner» av 1989. (HSD 1992-1997)
- MS «Draupner» av 1989. Seinare Tyrving (1999) (HSD 1992-2002)
- MS «Gullving» av 1984. (HSD 1993-1994)
- MS «Bremnes» av 1976. (HSD 1994-1999)
- MS «Baronessa» av 1994 (HSD 1994-2005)
- MS «Sleipner» av 1999. (HSD 1999-1999)
Bilferjer
[endre | endre wikiteksten]- MF Folgefonn av 1938. (HSD 1938-1979)
- MF Hardangerfjord av 1953. Frå 1959 som M/F Vøringen. (HSD 1953-1983)
- MF Rosendal av 1956. (HSD 1956-1979)
- MF Vikingen av 1957. (HSD 1957-1989)
- MF Osafjord av 1959. (HSD 1959-1976)
- MF Fusa av 1949. (HSD 1962-1974)
- MF Bjørnefjord av 1962. (HSD 1962-1988)
- MF Huglo av 1962. (HSD 1962-1980)
- MF Kinsarvik av 1963. (HSD 1963-1988)
- MF Melderskin av 1963. (HSD 1963-1995)
- MF Hardingen av 1966. (HSD 1966-1991)
- MF Sveio av 1967. (HSD 1964-1995)
- MF Skånevik av 1967. (HSD 1967-2005)
- MF Samband av 1968. (HSD 1968-1997)
- MF Odda av 1968. (HSD 1968-2000)
- MF Fusa av 1969. (HSD 1969-1987)
- MF Ulvik av 1973. (HSD 1973-2003)
- MF Eidfjord av 1975. (HSD 1975-1987)
- MF Rosendal av 1969. (HSD 1988-1996)
- MF Halsnøy av 1965. (HSD 1995-2005)
- MF Fedje av 1970. (HSD 2002-2003)
- MF Haus av 1971. (HSD 2002-2003)
- MF Nordhordland av 1976. (HSD 2002-2003)
- MF Manger av 1980. (HSD 2002-2005)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «HSD» frå Wikipedia på bokmål.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad – Arkivert 2003-11-24 ved Wayback Machine.
- Skipet.no Arkivert 2008-03-11 ved Wayback Machine. Artikkel av Per Alsaker. Skipsnamn, årstal m.m.