Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Hartlepool

Koordinatar: 54°41′N 1°12′W / 54.683°N 1.200°W / 54.683; -1.200
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hartlepool

Bymuren i Hartlepool frå seint på 1300-talet. Kalksteinsmuren gjekk ein gong kring heile byen.
Bymuren i Hartlepool frå seint på 1300-talet. Kalksteinsmuren gjekk ein gong kring heile byen.
Bymuren i Hartlepool frå seint på 1300-talet. Kalksteinsmuren gjekk ein gong kring heile byen.
Plassering
Hartlepool is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap County Durham
Distrikt Hartlepool
Grunnlagd 600-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

86 841
Koordinatar 54°41′N 1°12′W / 54.683°N 1.200°W / 54.683; -1.200
Diverse annan informasjon
Postnummer TS24 - TS27
Telefon-retningsnummer 01429
Nettstad: www.hartlepool.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Hartlepool

Hartlepool er ein by og ei sameint styresmakt i Durham i England. I 1974 vart han overført til det nye grevskapet Cleveland. Då dette vart oppløyst vart Hartlepool sjølvstyrt, og ein del av det seremonielle grevskapet Durham.

Hartlepool vart grunnlagt som ein landsby på 600-talet, rundt eit kloster som vart grunnlagt i 640. Det vart kjent under Hilda av Whitby si tid som abbedisse, 647–657. Klosteret vart øydelagt av vikingar i 800.

I løpet av mellomalderen vart Hartlepool ein liten, men viktig by. Han fekk ein marknad og bymurar, og hamna vart den offisielle hamna til palatinatsgrevskapet Durham. Han var ei praktisk utskipingshamn for kol frå South Durham, og ei jarnbane vart anlagt allereie i 1835. Ei konkurrerande jernbanelinje vart anlagt i 1847, og rundt stasjonen voks West Hartlepool opp.

Dei to byane voks side om side. Folketalet var samla berre omkring 1 000 ved byrjinga av 1800-talet og heile 64 000 i 1891. Dei to, kjent som Old Hartlepool og West Hartlepool, vart formelt slått saman i 1967.

Det vart oppretta fleire jernverk og skipsverft på 1800-talet. Dette førte så til at fleire reiarlag slo seg til i byen, og i 1913 var det heile 42 reiarlag med totalt 235 skip. Dette førte til at Tyskland såg på byen som eit viktig mål under første verdskrigen, og mellom 8.10 og 9.30 på morgonen 16. desember 1914 vart Old Hartlepool, West Hartlepool, Whitby og Scarborough skotne på av den tyske marinen. Totalt vart 1150 granatar avfyrt. 137 omkom, og 592 vart såra. Kystbatteria skaut tilbake, 143 skot, og skadde tre skip inkludet slagkryssaren SMS «Blücher». Eit nytt tysk forsøk på å bombardere byen førte til slaget ved Doggerbanken 24. januar 1915.

Under depresjonen i 1930-åra gjekk det hardt utover Hartlepool. Byen hadde høy arbeidsløyse fram til andre verdskrigen, då skipsbygging og stålverk vart viktige industriar. Etter krigen opplevde begge næringar tilbakegang, og den siste sjøsettinga i Hartlepool fann stad i 1961.

Sidan 1960-åra har Hartlepool opplevt vekst i handels- og servicenæringar. Eit stort kjøpesenter vart reist i sentrum, i eit område som vart totalt øydelagt av bombinga under andre verdskrigen. Det har òg kome til ein stor marina. Ved den historiske kaia ligg fregatten HMS «Trincomalee», bygd i Bombay i 1817, som er det eldste krigsskipa som enno flyt.

Utanfor Hartlepool ligg ein gassavkjølt atomreaktor, som vart opna i 1980-åra. Han vart planlagt nedlagt i 2014.

Fotballaget til byen er Hartlepool United FC.