Hawraman
Utsjånad
Hawrāmān | |||
fjellområde | |||
Ein typisk kurdisk landsby i Hawraman, provinsen Kurdistan i 2015.
| |||
Land | Irak, Iran | ||
---|---|---|---|
Wikimedia Commons: Hawraman |
Hawrāmān, Húrāmān (kurdisk ههورامان eller Hewraman), Ōrāmān (farsi اورامان) eller Avroman[1] er eit fjellområde i provinsane Kurdistan og Kermanshah vest i Iran og nordaust i Irak i Kurdistan-området. I Iran omfattar regionen byane Paveh og Mariwan og i Irak Halabja.
Hawraman har mange kjelder og elvar og dei fleste av dei endar opp i Sirwan. Bil-kjelda (eller Kani Bil) er ei av desse kjeldene og har ei vasføring på 3000-4000 liter i sekundet. Elva som Bil-kjelda dannar er berre 15 meter lang.[2]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Tawela i Sulaymaniyah i Kurdistan i Irak
-
Zhiwar - ein kurdisk landsby i Hawraman i 2015
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hawraman» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ D. N. MacKenzie, Avroman, Encyclopedia Iranica
- ↑ «Rudaw:Kani Bil is in crisis».