Heidi Grande Røys
Heidi Grande Røys | |||
Heidi Grande Røys Foto: John Erling Blad | |||
Fødd | 6. mai 1967 (57 år) Kalvåg | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Heidi Grande Røys (fødd 6. mai 1967 i Kalvåg i Bremanger kommune) er ein norsk politikar for SV. Røys har bakgrunn som barnehagestyrar og lokalpolitikar i Flora kommune.
Ho er utdanna førskulelærar frå Lærerhøgskolen i Bergen (1986-89). I åra 1989–1996 var ho avdelingsleiar og styrar ved Havreneset barnehage i Florø. Røys har representert SV i formannskapet og bystyret i Flora.
Røys var politisk rådgivar i SV si stortingsgruppe i 1999 og 2000, og i 2001 vart ho vald inn som stortingsrepresentant for SV frå Sogn og Fjordane. På Stortinget vart ho medlem av Finanskomitéen og Fullmaktskomitéen. I 2005 mista ho mandatet ved stortingsvalet.
17. oktober 2005 vart Heidi Grande Røys utnemnd til statsråd i regjeringa Stoltenberg II som leiar for det nye Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Etter valet i 2009 vart ho erstatta av Rigmor Aasrud som statsråd. Ho vart heller ikkje attvald til Stortinget, og gjekk tilbake til jobben som barnehagestyrar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografi på Stortinget.no, innhenta 7. januar 2010.
- Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane Arkivert 2014-08-08 ved Wayback Machine.
«Heidi Grande Røys» i Store norske leksikon, snl.no.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1967
- Norske administrasjonsministrar
- Norske arbeidsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- SV-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane
- Stortingsrepresentantar frå SV
- Lokalpolitikarar i Flora
- SV-politikarar i Sogn og Fjordane
- Kvinner frå Sogn og Fjordane
- Folk frå Bremanger