Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Heli Koivula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heli Koivula
Statsborgarskap Finland
Fødd 27. juni 1975 (49 år)
Kauhajoki
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Heli Maarit Koivula (fødd 27. juni 1975) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kauhajoki i Österbotten som vann EM-sølv i tresteghopp i 2002.

Koivula vart finsk meister i lengdehopp fem gongar; 1995, 1996, 1998, 2002, 2004, og sju gongar i tresteghopp; 1996, 1998, 2000–04. Ho deltok i både Sommar-OL 1996, Friidretts-VM 1997 og Friidretts-EM 1998, utan å ta seg til finale i nokon av øvingane.

Ved verdsmeisterskapen i Edmonton i 2001 enda Koivula på femteplass i trestegtevlinga. Under europameisterskapen 2002 i München smekka ho til med 14,83 m i den fyrste finaleomgangen, hjelpt av 2,2 sekundmeter medvind. Med det hoppet leia ho tevlinga til den sjette og siste omgangen, då Ashia Hansen frå Storbritannia landa på 15 meter jamnt, også ho hjelpt av medvind.

Den 3. august 2003 i Lappeenranta sette Koivula finsk rekord i tresteghopp med 14,39 meter, ein rekord som framleis gjeld (2019). Tre veker seinare landa ho 14,10 meter i VM-kvalifiseringa i Paris/Saint-Denis, i ei uvanleg sterk tevling heldt det ikkje til finaleplass. I estiske Tallinn flytta Koivula den finske lengderekorden til 6,65 meter. Ein månad etter deltok ho sommarleikane i Aten, utan å nå finalen i korkje tresteg eller i lengdehopp.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • VM 1995 i Göteborg: Nr 6 i 4 x 100 meter stafett
  • OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa i lengde (0) og tresteg (13,25 m =nr 24)
  • VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa i lengde (6,57 m =nr 13) og tresteg (13,85 m =nr 19)
  • EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa i lengde (6,23 m =nr 23) og tresteg (13,75 m =nr 21)
  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (13,33 m =nr 23)
  • VM 2001 i Edmonton: Nr 5 i tresteghopp – 14,28 m
  • EM 2002 i München: Sølvmedalje i tresteghopp – 14,83 m, bakom Ashia Hansen (15,00 m)
  • VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (14,10 m =nr 15)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa i lengde (6,50 m =nr 16) og tresteg (13,98 m =nr 23)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]