Henriette
Utsjånad
Henriette er eit kvinnenamn danna som ei fransk kjæleform av mannsnamnet Henri og diminutivsendinga -ette. Henrietta er ei latinisert form av namnet. Henriette har norsk namnedag den 18. september.
Henrikke og Harriet er nærskylde namn. Henny er eit mogleg kortnamn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Henriette var mykje brukt i Noreg på 1990-talet, då over 0,6 % av nyfødde jenter kunne få namnet. I 2009 var det 4678 norske kvinner som heitte Henriette og 17 som heitte Henrietta.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Henriette von Mömpelgard (d. 1444), grevinne av Württemberg
- Dronning Henrietta Maria (1609–69), gift med Charles I av England, dotter av Henri IV av Frankrike
- Henrietta Churchill, 2. hertuginne av Marlborough (1681-1733)
- Henriette Sontag (1806–1854), tysk operasongar
- Henriette Caillaux (1874–1943), fransk førstekvinne og mordar
- Henriette Steenstrup (f. 1974), norsk skodespelar
- Henriette Lien (f. 1969), norsk skodespelar og programleiar
I stadnamn
[endre | endre wikiteksten]- Henriettaøya ligg i øygruppa De Long-øyane i Aust-Sibir-havet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Henriette» ved behindthename.com
- Søk etter norsk namnestatistikk for Henriette hjå Statistisk Sentralbyrå
- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Henriette», A Dictionary of First Names, Oxford University Press