Henrikh Mkhitarjan
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 21. januar 1989 | ||
Fødestad | Jerevan | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Roma | ||
Nummer | 77 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1995–2006 | Pyunik | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2006–2009 | Pyunik | 70 | (30) |
2009–2010 | Metalurh Donetsk | 37 | (12) |
2010–2013 | Sjakhtar Donetsk | 72 | (38) |
2013–2016 | Dortmund | 90 | (23) |
2016–2018 | Manchester United | 39 | (5) |
2018–2020 | Arsenal | 39 | (8) |
2019–2020 | → Roma (lån) | 22 | (9) |
2020– | Roma | 0 | (0) |
Landslag | |||
2006–2007 | Armenia U17 | 5 | (1) |
2007–2008 | Armenia U19 | 6 | (1) |
2008–2010 | Armenia U21 | 13 | (9) |
2007– | Armenia | 86 | (29) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. juli 2020[1] ‡ Landslagsmål oppdatert 16. september 2019 |
Henrikh Hamleti Mkhitarjan (fødd 21. januar 1989 i Jerevan i Armenia) er ein armensk fotballspelar som spelar for AS Roma.[2]
Han har spela på midtbanen for Sjakhtar Donetsk i den ukrainske fotballigaen, og for det armenske landslaget.
Mkhitarjan starta karrieren sin for toppklubben Pjunik i heimlandet, der han vart armensk seriemeister fire år på rad, frå 2006 til 2009. Han vart kåra til årets armenske spelar i 2009. Sommaren 2009 drog han til Ukraina og Metalurh Donetsk, der han vart klubbkaptein i juli 2010. I starten av 2010/11-sesongen vart han kjøpt av den ukrainske toppklubben Sjakhtar Donetsk. Han spela på Arsenal FC frå 2018.
Mkhitarjan debuterte for Armenia sitt A-landslag 14. januar 2007 i ein kamp mot Panama. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. mars 2009, i ein VM-kvalifiseringskamp mot Estland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Henrikh Mkhitaryan premierleague.com
- ↑ Mkhitaryan fired up for Roma adventure to continue. (31. august 2020), asroma.com.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Henrikh Mkhitarjan» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2020.