Hertugdømet Pommern
Herzogtum Pommern Księstwo Pomorskie Pòmòrsczé Knyżestwò Hertugdømet Pommern | ||||
Delstaten i Det tysk-romerske riket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Kartet over Hertugdømet Pommern frå 17. hundreår | ||||
Hovudstad | Stettin, Wolgast, Stolp, Demmin | |||
Språk | tysk, plattysk, pommersk | |||
Styreform | Hertugdøme | |||
Historie | ||||
- Grunnlagd | 1121 | |||
- oppdeling i småhertugdøme | 1295 | |||
- sameining under Bogislav X | 1478 | |||
- samanføying i Den oversaksiske rikskrinsen | 1512 | |||
- vidare oppdeling i småhertugdøme | 1532 | |||
- daude av Bogislav XIV | 10. mars 1637 | |||
- Freden i Westfalen – formell oppløysing | 25. oktober 1648 | |||
I dag ein del av | Polen, Tyskland |
Hertugdømet Pommern (tysk Herzogtum Pommern) var eit hertugdøme som omfatta landskapet Pommern, ved sørlege kysten av Austersjøen, som i dag er delen til Polen (aust) og Tyskland (vest). Hertugdømet var arveleg og i laupet av sin heile historie var styrt av Gryf-dynastiet. Dauden til den siste hertugen av dette dynastiet førte til at landet vart delt i to av Sverige og Brandenburg-Preussen. Sjølv om det var berre kurfyrsten-hetugen av Brandenburg som hadde rett til å arve heile Pommern, var den vestlege delen av landet under svensk militærokupasjon. Oppdelinga i to var då stadfesta ved Freden i Westfalen.
Hertugdømet utvikla seg frå eit slavisk rike av Wartislaw I av Pommern som periodevis var avhengig av Polen, Sachsen, Danmark og til slutt Det tysk-romerske riket. Hertugane til Pommern hadde ofte styrt landet samstundes som førte til ulike interne inndelingar og framvoksteren til fleire senter av hertugleg makt. Intern veikskap står difor bak tapet av sjølvstendet. Etter Trettiårskrigen var kongane til Sverige og kurfyrstane-hertugane av Brandenburg, seinare kongane til Preussen, lista som medlemar av Den tysk-romerske Riksdagen, medan landskapet vart integrert i dei nye rika som det svenske maktområdet Pommern og som den brandenburgske provinsen under det same namnet.