Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Hertz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hertz er ei SI-avleia eining for måling av frekvens. Symbolet for hertz er Hz.[1]

Eininga har fått namnet etter den tyske fysikaren Heinrich Rudolf Hertz,[1] som gav viktige bidrag til vitskapen om elektromagnetisme.

Éin hertz er «ei svinging (eller hending) per sekund», 100 Hz blir då «hundre (hendingar) per sekund». Eininga kan bli brukt om alle periodiske hendingar. Til dømes kan ein seie at ei klokke tikkar med frekvensen 1 Hz.

Den inverse funksjonen av frekvens er tid (periode); slik blir ein frekvens på 1 Hz ein periode på eitt sekund. Ein frekvens på 1 MHz svarer til ein periode på eitt mikrosekund.

Bruk av eininga hertz

[endre | endre wikiteksten]
NamnSymbolFaktorHertz
1 kilohertzkHz103 Hz1 000 Hz
1 megahertzMHz106 Hz1 000 000 Hz
1 gigahertzGHz109 Hz1 000 000 000 Hz
1 terahertzTHz1012 Hz1 000 000 000 000 Hz
1 petahertzPHz1015 Hz1 000 000 000 000 000 Hz
1 exahertzEHz1018 Hz1 000 000 000 000 000 000 Hz

HertzKilohertz (103 Hz) → Megahertz (106 Hz) → Gigahertz (109 Hz) → Terahertz (1012 Hz) → Petahertz (1015 Hz) → Exahertz (1018 Hz)

  1. 1,0 1,1 Hofstad, Knut (23. august 2023). «hertz». Store norske leksikon (på norsk).