Hornfuglar
Hornfuglar | |
Malabarhornfugl Ocyceros griseus Foto: Rathika Ramasamy
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av hornfuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Horn- og hærfuglar Bucerotiformes |
Familie: | Hornfuglar Bucerotidae Rafinesque, 1815 |
Hornfuglar, og kalla nashornfuglar og hornfuglfamilien, vitskapleg namn Bucerotidae, er fuglar med utbreiing i tropisk og subtropisk Afrika og Asia. Kjenneteiknet for hornfuglar er eit kraftig og nedbøygd nebb som ofte har klåre farger og som kan ha ein utvekst på oversida av overnebbet. Både det vitskaplege namnet på familien og det norske namnet viser til forma på nebbet, gresk 'buceros' = kuhorn. I tillegg har dei todelt nyre. Dei to første nakkevirvlane hos hornfuglar er samanvaksne, truleg gjev det ein meir stabil plattform for å bere nebbet, hornfuglar er dei einaste med ein slik virvel. Fuglane i familien er altetande, dei beitar på frukt og smådyr. Dei er vanlegvis monogame holerugarar med reir i tre, somme artar òg i fjellskrentar. Ei rekkje artar av hornfuglar er trua av utrydding, dette er hovudsakleg artar med avgrensa leveområde på øyar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Familien Bucerotidae samlar om lag 59 nolevande artar, men ei rekkje uklåre artar kan framleis bli splitta i fleire artar. Distribusjonen er frå Afrika sør for Sahara gjennom tropisk Asia til Filippinane og Salomonøyane. Dei fleste er knytt til skogshabitat. Av artane som finst i Afrika lever om lag halvparten i meir opne skogar og på savannar, og nokre artar førekjem òg i svært fuktige miljø. Dei resterande artane finst i tett skog. Dette står i motsetnad til Asia kor ein enkelt art førekjem på opne savannar og resten er skogsartar.
Hornfuglar viser merkbar variasjon i storleik innan familien, den minste er svartdvergtoko (Tockus hartlaubi), på berre 102 gram og 30 cm. Hannar er alltid større enn hofuglar, men i kva grad dette gjelder varierer med arten. Omfanget av kjønnsdimorfisme skil seg frå kroppsdel til kroppsdel, for eksempel er forskjellen i kroppsmasse mellom hannar og hofuglar mellom 1 og 17 %, men variasjonen er 8-30 % for nebblengd og 1-21 % i venglengd.
Det mest karakteristiske trekket ved hornfuglar er eit tungt nebb, støtta av kraftige nakkemusklar samt dei to samanvaksne nakkevirvlane. Den store nebbet vert brukt i kamp, fjørpleie og til bygging av reir, samt til fangst av byttedyr. Ein unik funksjon for hornfuglar er ein utvekst, casque eller «hjelm», ein hol struktur som går langs overnebbet. Hos enkelte artar er han knapt merkbar og ser ikkje ut til å tene nokon funksjon utover å styrkje nebbet. Hos andre artar er han ganske stor, er forsterka med bein, og har opningar mellom holrom i sentrum som gjev resonans for lydar. Hos hjelmhornfugl er ikkje utveksten hol, men er fylt med «hornfuglelfenbein» og brukast som ein slags rambukk i dramatiske luftkampar. Slike casque-kampar har òg vore observert blant storhornnebb.
Fjørdrakta hos hornfuglar er vanlegvis svart, grå, kvit eller brun, men ofte motverka av sterke farger på nebbet, eller flekkar av naken hud i ansiktet eller hudfoldar. Lydnivået blant hornfuglar er høgt, og det varierer artstypisk.
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Hornfuglar har kikkertsyn, men i motsetnad til dei fleste fuglar med denne eigenskapen vil nebbet åt hornfuglen trengje inn i synsfeltet. Dermed ser dei òg nebbspissen og det aukar presisjonen når dei handterer matbitar med nebbet. Auga er verna av store augevipper som kan gje skugge.
Diett
[endre | endre wikiteksten]Hornfuglar er altetande fuglar, med frukt, insekt og smådyr på menyen. Når maten er tatt med spissen av nebbet er tunga for kort for å ta inn maten i munnen og svelgje han direkte, så dei må kaste matstykket inn i halsen med eit rykk med hovudet. Artar som lever både på opent land og i skog er altetande, fruktspesialistar finn ein i reine skogshabitat medan fleire kjøtetande artar finst i opent savannar. Skogslevande artar av hornfuglar reknast å vere viktig frøspreiarar.
I nokre fall vil hornfuglar forsvare eit fast territorium, i andre fall ikkje. Slik åtferd er relatert til kosthald, til dømes er fruktetarar lite territoriale fordi fruktkjelder ofte er spreidde over større område.
Forplanting
[endre | endre wikiteksten]Hornfuglar generelt dannar monogame par, sjølv om enkelte artar rugar kooperativt. Hofuglar legg opp til seks kvite egg i eksisterande hòl, enten i tre i skogen eller opningar i fjellet. Ofte er det naturlege hòl, men somme artar kan ha reirplassar som er forlatne av spettar og skjeggfuglar. Paret kan nytte same hekkeplass i fleire følgjande år. Før egglegging og hekkinga tar til, vil hoa, assistert av hannen sørgje for å lukke inngangen til reirhòlet med ein vegg av leire, avføring og fruktcellulose. Når hofuglen er klar til å legge egga er inngangen akkurat stor nok for å passere inn, og etter at ho har gjort det vil opninga som står att òg bli forsegla. Men det vil framleis vere opning til å la hannen føre inn mat til hoa og seinare til ungane. Føremålet med denne åtferda er openbert knytt til å verne reirområdet mot rivaliserande hornfuglar. Forseglinga kan gjerast på få timar, hos dei fleste artar tar det eit par dagar. Etter det tar det ytterlegare fem dagar for første egg vert lagt. Storleiken på kullet varierer frå eitt eller to egg hos store artar til opptil seks egg for mindre artar. Under rugeperiode vil hofuglen gjennomgå ei fullstendig myting av alle fjør i parallell. Det har vore hinta at mørket i hòlrommet løyser ut ei hormonstyrt myting. Ikkje-rugande hoer og hannar går gjennom ein sekvensiell myting. Når ungane er for store til å ha plass i reiret saman med forelderen, bryt ho ut, og begge foreldra matar ungane. Hos enkelte artar kan mora byggje opp att veggen, hos andre artar kan ungane sjølv byggje opp veggen utan assistanse.
Samhandlingar med andre artar
[endre | endre wikiteksten]Ei rekkje hornfuglartar er tilpassa sameksistens med andre dyrearter. For eksempel har hornfuglar i Afrika mutualisme med dvergmungoar, dei et saman og åtvarar kvarandre mot rovfuglar og andre predatorar som kjem nær. Andre forhold er kommensialistiske, for eksempel når hornfuglar følgjer apekattar og andre dyr og et insekt som blir skremt opp.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Nolevande artar i hornfuglfamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Slekt Lophoceros
- Brundvergtoko, Lophoceros camurus, Red-billed Dwarf Hornbill, Cassin, 1857, (LC)
- Bantutoko, Lophoceros alboterminatus, Crowned Hornbill, Büttikofer, 1889, (LC)
- Ravinetoko, Lophoceros bradfieldi, Bradfield's Hornbill, Roberts, 1930, (LC)
- Palmetoko, Lophoceros fasciatus, African Pied Hornbill, Shaw, 1812, (LC)
- Klippetoko, Lophoceros hemprichii, Hemprich's Hornbill, Ehrenberg, 1833, (LC)
- Gråtoko, Lophoceros nasutus, African Gray Hornbill, Linné, 1766, (LC)
- Miombotoko, Lophoceros pallidirostris, Pale-billed Hornbill, Hartlaub & Finsch, 1870, (LC)
- Slekt Tockus
- Gulnebbtoko, Tockus flavirostris, Eastern Yellow-billed Hornbill, Rüppell, 1835, (LC)
- Banantoko, Tockus leucomelas, Southern Yellow-billed Hornbill, Lichtenstein, MHK, 1842, (LC)
- Turkanatoko, Tockus jacksoni, Jackson's Hornbill, Ogilvie-Grant, 1891, (LC)
- Savannetoko, Tockus deckeni, Von der Decken's Hornbill, Cabanis, 1868, (LC)
- Hererotoko, Tockus monteiri, Monteiro's Hornbill, Hartlaub, 1865, (LC)
- Blodnebbtoko, Tockus rufirostris, Southern Red-billed HornbillSundevall, 1850
- Damaratoko, Tockus damarensis, Damara Red-billed Hornbill, Shelley, 1888, (LC)
- Tanzaniatoko, Tockus ruahae, Tanzanian Red-billed HornbillKemp & Delport, 2002
- Guineatoko, Tockus kempi, Western Red-billed HornbillTréca & Érard, 2000
- Raudnebbtoko, Tockus erythrorhynchus, Northern Red-billed Hornbill, Temminck, 1823, (LC)
- Slekt Berenicornis
- Kvitmankehornfugl, Berenicornis comatus, White-crowned Hornbill, Raffles, 1822, (NT)
- Slekt Horizocerus
- Langhaletoko, Horizocerus albocristatus, White-crested Hornbill, Cassin, 1848, (LC)
- Svartdvergtoko, Horizocerus hartlaubi, Black Dwarf Hornbill, Gould, 1861, (LC)
- Slekt Ceratogymna
- Svarthornfugl, Ceratogymna atrata, Black-casqued Hornbill, Temminck, 1835, (LC)
- Høvdinghornfugl, Ceratogymna elata, Yellow-casqued Hornbill, Temminck, 1831, (VU)
- Slekt Bycanistes
- Sølvkinnhornfugl, Bycanistes brevis, Silvery-cheeked Hornbill, Friedmann, 1929, (LC)
- Gråkinnhornfugl, Bycanistes subcylindricus, Black-and-white-casqued Hornbill, Sclater, PL, 1871, (LC)
- Brunkinnhornfugl, Bycanistes cylindricus, Brown-cheeked Hornbill, Temminck, 1831, (VU)
- Bandhalehornfugl, Bycanistes albotibialis, White-thighed Hornbill, Cabanis & Reichenow, 1877, (LC)
- Trompeterhornfugl, Bycanistes bucinator, Trumpeter Hornbill, Temminck, 1824, (LC)
- Piphornfugl, Bycanistes fistulator, Piping Hornbill, Cassin, 1850, (LC)
- Slekt Buceros
- Hjelmhornfugl, Buceros vigil, Helmeted Hornbill, Forster, 1841, (CR)
- Blodhornfugl, Buceros hydrocorax, Rufous Hornbill, Linné, 1766, (VU)
- Nashornfugl, Buceros rhinoceros, Rhinoceros Hornbill, Linné, 1758, (NT)
- Storhornfugl, Buceros bicornis, Great Hornbill, Linné, 1758, (NT)
- Slekt Anorrhinus
- Bronsehornfugl, Anorrhinus galeritus, Bushy-crested Hornbill, Temminck, 1831, (LC)
- Kvitkinnhornfugl, Anorrhinus austeni, Brown Hornbill, Jerdon, 1872, (NT)
- Brunhornfugl, Anorrhinus tickelli, Rusty-cheeked Hornbill, Blyth, 1855, (NT)
- Slekt Ocyceros
- Indiahornfugl, Ocyceros birostris, Indian Gray Hornbill, Scopoli, 1786, (LC)
- Malabarhornfugl, Ocyceros griseus, Malabar Gray Hornbill, Latham, 1790, (LC)
- Singalesarhornfugl, Ocyceros gingalensis, Sri Lanka Gray Hornbill, Shaw, 1812, (LC)
- Slekt Anthracoceros
- Malayhornfugl, Anthracoceros malayanus, Black Hornbill, Raffles, 1822, (NT)
- Suluhornfugl, Anthracoceros montani, Sulu Hornbill, Oustalet, 1880, (CR)
- Hinduhornfugl, Anthracoceros coronatus, Malabar Pied-Hornbill, Boddaert, 1783, (NT)
- Orienthornfugl, Anthracoceros albirostris, Oriental Pied-Hornbill, Shaw, 1808, (LC)
- Palawanhornfugl, Anthracoceros marchei, Palawan Hornbill, Oustalet, 1885, (VU)
- Slekt Aceros
- Raudhalshornfugl, Aceros nipalensis, Rufous-necked Hornbill, Hodgson, 1829, (VU)
- Slekt Rhyticeros
- Knopphornfugl, Rhyticeros cassidix, Knobbed Hornbill, Temminck, 1823, (VU)
- Sumbahornfugl, Rhyticeros everetti, Sumba Hornbill, Rothschild, 1897, (VU)
- Arrhornfugl, Rhyticeros undulatus, Wreathed Hornbill, Shaw, 1812, (LC)
- Gulpunghornfugl, Rhyticeros subruficollis, Plain-pouched Hornbill, Blyth, 1843, (VU)
- Narcondamhornfugl, Rhyticeros narcondami, Narcondam Hornbill, Hume, 1873, (EN)
- Papuahornfugl, Rhyticeros plicatus, Blyth's Hornbill, Forster, JR, 1781, (LC)
- Slekt Rhabdotorrhinus
- Sulawesihornfugl, Rhabdotorrhinus exarhatus, Sulawesi Hornbill, Temminck, 1823, (VU)
- Rynkehornfugl, Rhabdotorrhinus corrugatus, Wrinkled Hornbill, Temminck, 1832, (NT)
- Negroshornfugl, Rhabdotorrhinus waldeni, Writhe-billed Hornbill, Sharpe, 1877, (CR)
- Brunkronehornfugl, Rhabdotorrhinus leucocephalus, Writhed Hornbill, Vieillot, 1816, (NT)
- Slekt Penelopides
- Visayhornfugl, Penelopides panini, Visayan Hornbill, Boddaert, 1783, (EN)
- Luzonhornfugl, Penelopides manillae, Luzon Hornbill, Boddaert, 1783, (LC)
- Mindorohornfugl, Penelopides mindorensis, Mindoro Hornbill, Steere, 1890, (EN)
- Samarhornfugl, Penelopides samarensis, Samar HornbillSteere, 1890
- Mindanaohornfugl, Penelopides affinis, Mindanao Hornbill, Tweeddale, 1877, (LC)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar av hornfuglar hos Internet Bird Collection
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hornbill» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2009
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)