Hospitalskyrkja
Utsjånad
Hospitalskyrkja | |||
Hospitalskirken | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Nidaros domprosti | ||
Fellesråd | Trondheim | ||
Stad | Hospitalsløkka, Trondheim | ||
Type | åttekantkyrkje | ||
Periode | barokk | ||
Arkitekt | J.C. Hempel | ||
Teknikk | tømmer | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1705/1706 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Hospitalskyrkja 63°25′50″N 10°23′04″E / 63.43045°N 10.38434°E | |||
Wikimedia Commons: Hospitalskirken |
Hospitalskyrkja også kjent som Hospitalskirken er ei kyrkje i Trondheim. Kyrkja har alltid høyrt til Trondhjems Hospital. Den vart oppført i 1705 og erstatta ei mellomalderkyrke på same stad. Den er den første av dei omkring 60 oktogonale kyrkjene i Noreg (dei fleste i tømmer som Hospitalskyrkja). Bygget er teikna av Johan Christopher Hempel som mellom anna òg stod for Bakke kyrkje på Møllenberg.
Hospitalskyrkja var truleg modell for Norddal kyrkje på Sunnmøre etter at byggmeisteren for Norddal kyrkje i «nærleiken» av Trondheim fann ei kyrkje han likte.[1]
-
Kor, preikestol og ein av dei fire søylane.
-
Kvitmåla kyrkje i 1898Foto: Trondheim byarkiv
-
Interiør frå om lag 1965
-
Teikning av kyrkja, frå Trondheim byarkiv.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Rolf Grankvist (red.). Nidaros Kirkes Spital 1277-2006, Trondhjems Hospitals kirke 300 år 1706-2006. Tapir Akademisk Forlag, Trondheim 2006. ISBN 82-519-2116-3
- ↑ Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur. Bla: Larsnes.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kyrkjesøk
- Rolf Grankvist (1982). «X. Hospitalets barokkunst» «XI. Mot lysere tider under Holger Bierchs ledelse (1701-1719)». Nidaros kirkes spital 700 år : Trondhjems hospital 1277-1977. Trondheim: Brun. s. 156-184. ISBN 8270284645.
- Hospitalskyrkja i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren