Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Hula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hula i Libanon.
Dansande kvinne på Maui på Sandwichøyane. Bilde av Nicolas-Eustache Maurin etter skisse av Jacques Arago, som reiste til Stillehavet tidleg på 1800-talet.

Hula er ei rekkje rituelle, pantomimiske dansar frå Polynesia, særleg kjende frå Hawaii. Dei byggjer på uttrykksfulle arm-, hand- og overkroppsrørsler. Dansane blir gjerne utført i sitjande, knelande eller ståande stilling. Dei er ledsaga av song og rytmeinstrument.

Huladans under ein konsert på Hawaii i 2005.