Hulda
Utsjånad
Hulda er eit kvinnenamn med fleire moglege opphav. Det kan koma frå norrøne Hulð, ‘løynd, skjult’, hollr, ‘huld, trufast’ eller svensk huld, ‘søt, elskeleg’ eller frå hebraisk חֻלְדָּה, ‘røyskatt’.
Hulda har namnedag den 7. juli i Noreg og den 8. september i Sverige.
Namnet finst også i den nederlandske forma Holda med den opphavlege tydinga 'gøymd', og i kjæleforma Ulla. Ein finn det også som del i samansette namn, som mannsnamnet Huldar og kvinnenamna Huldeborg, Huldis og Huldrika.
Namnet er brukt i Bibelen gjennom profeten Hulda.
I norrøn mytologi var Huld, nemnd i Ynglingesoga, ei volve eller seidkvinne som drap den svenske sogekongen Vanlande på magisk vis.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Hulda Grønneberg (1844–1924), norsk målar
- Hulda Didrichsen (1878-1961), dansk skodespelar
- Hulda Garborg (1862–1934), norsk forfattar og kulturformidlar, fødd Karen Hulda Bergersen
- Hulda Malmström (1874–1928), svensk skodespelar og songar
- Hulda (1881–1946), islandsk forfattar, fødd Unnur Benediktsdóttir Bjarklind
- Hulda Lütken (1896–1946), dansk forfattar
- Hulda Johansen (1918-1985), norsk songar av romanifolket
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Hulda – kvinnenavn» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Hulda» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2009.