Hundre
Utsjånad
Talet 100 i ulike talsystem: | |
1100100 | binært |
144 | oktalt |
100 | desimalt |
64 | heksadesimalt |
C | romartal |
Hundre (frå norrønt hundrað), skrive 100 i titalsystemet, er det naturlege talet som ligg mellom 99 og 101. 100 er kvadratet av 10, skrive 102. I daglegtalen kan «hundre» også visa mindre spesifikt til eit stort tal.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Talordet hundre viste før opplysingstida til talet 120. Dette blei seinare omdefinert til eit storhundre, medan 100 kunne kallast eit «smalt hundre» eller «tirøtt hundre».
Matematikk
[endre | endre wikiteksten]100 er summen av dei første ni primtala og av fire ulike par av primtal (47 + 53, 17 + 83, 3 + 97, 41 + 59). Det er også summen av kvadratet til dei første fire naturlege tala (100 = 13 + 23 + 33 + 43). Det er eit Leyland-tal gjennom at 26 + 62 = 100.