Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Hygrometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit slyngepsykrometer til bruk utandørs
Innsida av ein Stevensonskjerm som viser eit motorisert psykrometer

Hygrometer er eit instrument som blir brukt for å måle fukt. Eit psykrometer er eit enkelt hygrometer som består av to termometer, der det eine har ein følar som er konstant våt og målar våttemperaturen. Fordamping frå følaren fører til lågare temperatur, slik at termometeret vanlegvis viser lågare temperatur enn det tørre termometeret. Når lufttemperaturen er under frysepunktet kan derimot våttermometeret (som då er dekt med eit tynt islag) vise høgare temperatur enn tørrtermometeret. Relativ fukt blir rekna ut ved hjelp av dei to temperaturane, eller ved å bruke psykrometeriske diagram. Eit instrument som nyttar seg av tørr/våttemperaturmetoden er slyngepsykrometeret, der termometera er festa til eit handtak eller eit tau, som ein så slynger rundt i lufta eit par minutt.

Det finst fleire andre hygrometer som er vanleg å bruke. Ofte blir det brukt menneske- eller dyrehår som blir stramma for å finne luftfukta. For å kunne sjå endringa over tid registrerer mange hygrometer målingane på eit papir som ein så kan lese av.

Doggpunkthygrometer

[endre | endre wikiteksten]

Doggpunktet er temperaturen der fuktig luft (eller ein anna gass som inneheld vassdamp) blir metta med vassdamp. Viss lufttemperaturen blir lågare enn doggpunkttemperaturen vil vatn byrje å kondensere frå lufta. Doggpunkthygrometer med avkjølte speglar er det mest presise instrumentet ein har. Dei brukar avkjølte speglar og ein optoelektronisk mekanisme for å måle kondensasjonen på spegelflata. Temperaturen til spegelen blir kontrollert av ein elektronisk tilbakekopling som opprettheld ei dynamisk likevekt mellom fordamping og kondensasjon på spegelen, og på den måten blir doggpunkttemperaturen nøyaktig målt.

Moderne instrument brukar elektronikk for å måle fukta. Dei to mest vanlege elektroniske sensorane er kapasitiv eller resistiv. Dei kapasitive sensorane registrerer vatn ved å sende eit AC-signal mellom to plater og måler endringa i kapasitansen som vatnet skapar. Dei resistive sensorane brukar ein polymermembran som endrar konduktivitet etter kor mykje vatn den absorberer. Temperaturen må òg målast, sidan den påverkar kalibreringa av desse sensorane.

I meteorologien blir slynge eller motoriserte psykrometer brukt. Drivhus og industristader bruker hygrometer og ein finn dei i badstuer, tobakksfukter og museum.


Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hygrometer