Hylleslekta
Hylleslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Dipsacales |
Familie: | Viburnaceae |
Slekt: | Hylleslekta Sambucus L., 1753 |
Hylleslekta (Sambucus) er ei planteslekt i moskusurtfamilien med 5-30 artar avhengig av korleis dei blir delt inn. Dei høyrer heime i Nord- og Sør-Amerika, Asia og Europa. Slekta inneheld små tre, buskar og fleirårige plantar. Artene er kjenneteikna med motsette eller spreidde blad som er ulikefinna og består av 3-9 elliptiske småblad som oftast har sagtakka rand. Blomstrane er regelmessige, 5-talige og oftast kvite. Frukta er bæraktige steinfrukter, som inneheld 1-5 kjernar. Barken inneheld kalsiumoksalat.
Gift
[endre | endre wikiteksten]Blad, kvistar, greiner, frø og røter inneheld eit cyanid-induserande glykosid (eit glykosid som dannar cyanid etterkvart som metabolismen omdannar det). Inntak av kva for ein av desse plantedelane i tilstrekkelege mengder kan føre til ei giftig opphoping av cyanid i kroppen.
På grunn av at det er mogleg å bli cyanid-forgifta, bør barn bli frårådde frå å lage fløyter og leiker frå hylletre. I tillegg bør ein vere forsiktig med urtete laga med blada frå hyll. På den raude hylla er alle delane giftige. Mogne bær utan kjernar frå svarthyll kan kokast og nyttast i matrettar.[1]
Artsgrupper
[endre | endre wikiteksten]Ein kan fordele dei ulike artane i hylleslekta inn i ulike grupper. Berre to artar har offisielle norske namn, svarthyll og raudhyll. Engelske namn er gitt i tillegg. Latinske namn i feit skrift er godtatte namn i følge KEW.[2]
Svartbæra hyll
[endre | endre wikiteksten]Gruppa med svartbæra hyll er kompleks og ein finn ho i dei varmare delane av Europa og Nord-Amerika. Nokre gonger blir ho handsama som ein art Sambucus nigra med fleire regionale variantar eller underartar, eller ein kan sjå på henne som ei gruppe av fleire liknande artar. Blomstrane sit i ein flat skjermklase (corymb) og bæra er svarte til gråaktig (glaucous) blå. Dei er større busker som kan bli 3-8 meter høge, nokre gonger opptil 15 meter høge med ein stammediameter på 30-60 cm.
- Sambucus australis (Southern Elder; tempererte område i austlege Sør-Amerika)
- Sambucus canadensis (syn. S. nigra ssp canadensis; American Elder; austlege Nord-Amerika; blå-svarte bær)
- Sambucus javanica (Chinese Elder; southeastern Asia)
- Sambucus nigra - svarthyll - (Europa og vestlege Asia; svarte bær) Det er denne arten som er mest nytta i medisinsk samanheng.
- Sambucus nigra var. cerulea (syn. S. caerulea, S. glauca; Blue Elderberry; vestlege Nord-Amerika; mørkt blå-svarte bær med gråaktig (glaucous) vokslag på overflata, noko som gjer at dei ser himmelblå ut)
- Sambucus nigra subsp. palmensis (Canary Islands Elder; Kanariøyane; svarte bær)
- Sambucus lanceolata (Madeira Elder; Madeira; svarte bær)
- Sambucus mexicana (Mexican Elder; Sonoraørkenen; svarte bær)
- Sambucus peruviana (Peruvian Elder; nordvestlege Sør-Amerika; svarte bær)
- Sambucus simpsonii (Florida Elder; søraustlege USA; blå-svarte bær)
- Sambucus velutina (Velvet Elder; sørvestlege Nord-Amerika; blå-svarte bær)
Mellomart
[endre | endre wikiteksten]- Sambucus racemosa var. melanocarpa (Blackberry Elder; vestlege Nord-Amerika; svarte bær) er mellom den ovanståande gruppa og den neste. Blomstrane dannar ein rundaktig klase, men bæra er svarte. Det er ein liten busk som sjeldan blir over 3-4 meter høg. Nokre botanikarar inkluderer arten i den raudbæra gruppa.
Raudbæra hyll
[endre | endre wikiteksten]Gruppa med raudbæra hyll er kompleks og ein finn ho på den nordlege halvkula. Nokre gonger blir ho handsama som ein art Sambucus racemosa med fleire regionale variantar eller underartar, eller ein kan sjå på henne som ei gruppe av fleire liknande artar. Blomstrane dannar ein rundaktig klase (panicle), og bæra er skarpt raude. Dei er små busker som sjeldan blir høgare enn 3-4 meter.
- Sambucus chinensis (Chinese Red Elder; austlege Asia, i fjella)
- Sambucus latipinna (Korean Red Elder; Korea, Søraust-Sibir)
- Sambucus pubens (American Red Elder; nordlege Nord-Amerika)
- Sambucus racemosa - buskhyll - (Nord-Europa, Nordvest-Asia)
- Sambucus racemosa var. callicarpa (Pacific Coast Red Elderberry; vestkysten av Nord-Amerika)
- Sambucus racemosa var. microbotrys (Mountain Red Elder; sørvestlege Nord-Amerika, i fjella)
- Sambucus sieboldiana (Japanese Red Elder; Japan og Korea)
- Sambucus tigranii (Caucasus Red Elder; Sørvest-Asia, i fjella)
- Sambucus williamsii (North China Red Elder; Nordaust-Asia)
Australsk hyll
[endre | endre wikiteksten]Den australske hyllegruppa omfattar to artar frå Australasia. Blomstrane dannar ein rundaktig klase, og bæra er kvite eller gule. Dei er busker som kan bli 3 meter høge.
- Sambucus australasica (Yellow Elder; Ny-Guinea, austlege Australia)
- Sambucus gaudichaudiana (Australian Elder eller White Elder; skyggefulle område i søraustlege Australia)
Dverghyll
[endre | endre wikiteksten]Dverghyll er i motsetnad til dei andre artane, urtaktige plantar som dannar nye stenglar kvart år frå eit fleirårig rotsystem. Dei kan bli 1.5 -2 meter høge. Kvar stengel ender i ein stor, flat skjerm som mognar til ein tett klase med glatte bær.
- Sambucus adnata (Asian Dwarf Elder; Himalaya og Aust-Asia; raude bær)
- Sambucus ebulus - sommarhyll (Sentral- og Sør-Europa, Nordvest-Afrika og Sørvest-Asia; svarte bær)
Andre typar hyll
[endre | endre wikiteksten]Andre artar:
- Sambucus melanocarpa Gray (western elder)[3]
- Sambucus neomexicana Wooton (New Mexico elder)[3]
- Sambucus mexicana Presl. (Mexican elderberry; vestlege Texas til sørlege California med dei nærliggande delane av Mexico (tapiro på spansk))[3]
- Sambucus velutina Dur. & Hilg. (velvet elder; fjella i vestlege Arizona)[3]
- Sambucus coerula Raf.(western elder; British Columbia til Arizona og California)[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nova Scotia Museum Website, Poison plant section, Nova Scotia Museum – Poisonous plants Arkivert 2008-11-23 ved Wayback Machine.
- ↑ http://www.theplantlist.org/tpl/search?q=Sambucus Sambucus i KEW
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Kearney, T.H. & R. H. Peebles. 1960. Arizona Flora. University of California Press. Berkeley, CA.