I've Seen All Good People
I've Seen All Good People Song av Yes frå albumet The Yes Album | ||
Utgjeve | 1971 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 6:56 | |
Selskap | Atlantic Records | |
Komponist | Jon Anderson, Chris Squire | |
Tekstforfattar | Jon Anderson, Chris Squire | |
Låtskrivar(ar) | Jon Anderson/ Chris Squire | |
---|---|---|
Produsent | Yes og Eddie Offord |
Your Move Singel av Yes frå albumet The Yes Album | ||
B-side |
Clap | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1970 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 3:00 | |
Komponist | Jon Anderson, Chris Squire | |
Tekstforfattar | Jon Anderson, Chris Squire | |
Låtskrivar(ar) | Jon Anderson | |
Yes-kronologi | ||
«Sweet Dreams» 1970 |
Your Move | «Roundabout» 1971
|
«I've Seen All Good People» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1971 på albumet The Yes Album. Songen er skriven av Jon Anderson og Chris Squire, og er ein av bandet sine mest kjende og «radiovenlege» songar. Songen er delt opp i to satsar, «Your Move» og «All Good People», og varar i 6 minutt og 56 sekund. Ein redigert versjon av songen beståande hovudsakleg av satsen «Your Move», vart utgjeve som singel i 1971.
Struktur
[endre | endre wikiteksten]Første satsen, «Your Move» er skriven av Jon Anderson og er delvis basert på Lewis Carroll-boka Through the Looking-Glas, som er rekna som framhaldet av historia frå Alice i Eventyrland. Boka handlar om eit parti sjakk, der Alice er med i spelet som bonde, men som avanserer på brettet og blir dronning. Teksten refererer både til hendingar i boka, og til spelet sjakk generelt.[1][2]
Andre sats, «All Good People», er skriven av Chris Squire og består av ei rekkje repetisjonar av refrenget, med eit konvensjonelt rock-lydbilete. Satsen blir prega av høgt tempo og tette vokalharmoniar. Teksten inneheld òg referansar til John Lennon-songane «Instant Karma» og «Give Peace a Chance».
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]«I've Seen All Good People» er den tredje mest spelte songen under konsertane til Yes.[3] Songen har vorte spelt på nærast alle konsertar sidan utgjevinga i 1971.
Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «I've Seen All Good People»:
- Yessongs
- An Evening of Yes Music Plus (Anderson Bruford Wakeman Howe)
- Keys to Ascension 2
- House of Yes: Live from House of Blues
- Symphonic Live
- The Word Is Live
- Live at Montreux 2003
- Songs from Tsongas (berre DVD)
- Union Live
- In the Present – Live from Lyon
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]På originalinnspelinga frå 1971 medverkar:
- Jon Anderson: vokal
- Chris Squire: bass, vokal
- Steve Howe: elektrisk og akustisk gitar, mandolin, vokal
- Tony Kaye: piano, Hammondorgel
- Bill Bruford: trommer, perkusjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I've Seen All Good People» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Yes Album – Tekstene, Yesworld.com
- ↑ Musikk og Sjakk
- ↑ Forgotten Yesterdays