Ica-regionen
Ica | |||
Ika | |||
region | |||
|
|||
Land | Peru | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Ica | ||
Areal | 21 327,83 km² | ||
Folketal | 850 765 (2017)[1] | ||
Ica-regionen 14°04′S 75°44′W / 14.07°S 75.73°W | |||
Kart som viser Ica-regionen.
| |||
Wikimedia Commons: Ica Region |
Ica-regionen (spansk Región Ica, quechua Ika suyu) er ein region i det sørvestlege Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Lima-regionen i nord, mot Huancavelica-regionen i nordaust, mot Ayacucho-regionen i aust og Arequipa-regionen i sør.
Folkesetnaden var 850 765 i 2017, arealet er 21 327 km². Hovudstaden er byen Ica som har namn etter elva Ica.
Politisk inndeling
[endre | endre wikiteksten]Regionen er delt inn i fem provinsar.
Provins (hovudstad):
- Chincha (Chincha Alta)
- Ica (byen Ica)
- Nazca (Nazca)
- Palpa (Palpa)
- Pisco (Pisco)
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Denne kystregionen er prega av store ørkenområde stykka opp av frodige dalar som oasar. Dei grøne områda er skapt av elvevatn som kjem ned frå Andes i perioden desember til april. Nokre grøne område er skapt med hjelp frå irrigasjonskanalar.
Utanfor byen Pisco og Paracashalvøya ligg Chinchaøyane som midt på 1800-talet hadde stor økonomisk verd for Peru grunna eksport av guano til Nord-Amerika og Europa. Guanoen vart tatt ut frå øyane. I dag er verksemda lagt ned og øyane er del av eit naturreservat kjent for mangfald i fugleliv.
Både paracaskulturen og nazcakulturen utfolda seg innan grensene for Ica-regionen. På regionmuseet i Ica kan ein sjå døme på den mest særeigne arv frå desse kulturane, tekstilkunsten. I tillegg finst fin keramikk frå nazca.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://censos2017.inei.gob.pe/redatam/; vitjingsdato: 12. juli 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Ica (Region)» frå Wikipedia på tysk, den 14. juli 2005.
- Litteratur
- Rob Rachowiecki, Peru, 3. opplag, Lonely Planet (1996)