Ionela Târlea
Ionela Târlea | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 9. februar 1976 (48 år) Horezu |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 2000 |
Ionela Târlea (fødd 9. februar 1976) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Râmnicu Vâlcea som deltok i sprint- og hekkeløp. Ho vart europameister i spesialøvinga 400 m hekk i 1998 og forsvarte EM-tittelen i 2002. I 2004 vann ho OL-sølv i yndlingsøvinga.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Târlea vart juniorverdsmeister på 400 meter hekk i 1994. Både i VM i friidrett 1995 i Göteborg og under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta slo ho seg gjennom til finale, der ho begge gongane kom i mål til sjuandeplass på 400 meter hekk.
Under friidretts-EM 1998 i Budapest vann Târlea gullmedaljen på 400 meter hekk, våren etterpå sigra ho på 200 meter i innandørs-VM. Gjennom 1999-sesongen sette ho alle sin personleg rekordar. Det tok til med 22,35 på 200 m i Doha den 13. mai, heldt fram 7. juli med 53,25 på langhekken i Roma, før ho ei knapp veke seinare avslutta med 49,88 på 400 meter i Palma de Mallorca. Ein skade hindra henne i delta i friidretts-VM i Sevilla. Ho vart så nummer seks på langhekken under Sommar-OL 2000 i Sydney, ei plassering ho kopierte då VM i friidrett 2001 fann stad i Edmonton i Canada.
I EM 2002 i München vann Târlea gullmedaljen på 400 m hekk, nett slik ho ved den forrige europameisterkapen fire år tidlegare. Året etter spurta ho inn til fjerdeplass på spesialdistansen i VM 2003 i Paris. Under sommarleikane i Aten i 2004 kapra ho sølvmedaljen, einast vertslandets Faní Khalkiá sprang fortare.
Under friidretts- VM 2007 i Osaka deltok ho i tre øvingar; 200 meter, 400 meter og 400 meter hekk, utan å nå ein finale. I sitt fjerde OL, Beijing 2008, rauk ho ut i kvartfinalane på 200 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1994 i Helsinki: Utslått i forsøka (57,79 =nr 17)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 7 – 55,46
- OL 1996 i Atlanta: Nr 7 – 54,40
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 53,37, framom Tetjana Teresjtsjuk (54,07)
- OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 54,35
- VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 55,36
- EM 2002 i München: Gullmedalje – 54,95, framom Heike Meissner (55,89)
- VM i 2003 i Paris: Nr 4 – 54,41
- OL 2004 i Aten: Sølvmedalje – 53,38, bakom Faní Khalkiá (52,82) og framom Teresjtsjuk-Antipova (53,44)
- VM i 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (55,41 =nr 14) og på 400 m (51,62 =nr 19)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvartfinalane på 200 m (23,2 =nr 20)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ionela Târlea» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1976
- Rumenske friidrettsutøvarar
- Hekkeløparar
- Europameistrar i friidrett for Romania
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Rumenske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008