Irbit
Irbit Ирбит | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Sverdlovsk oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1631 1775 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2005) |
42 500 | ||||
Koordinatar | 57°40′00″N 63°04′00″E / 57.66667°N 63.06667°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 623850 | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 34355 |
Irbit (russisk Ирби́т) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgre bredda av elva Nitsa, rundt 175 km nordaust for Jekaterinburg (avstand med tog 203 km og med bil 250 km).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Irbit vart grunnlagd i 1631 som Irbejevskaja Sloboda (russisk: Ирбе́евская слобода́) og namnet vart i 1662 endra til Irbit. Han fekk offisielle byrettar av Katarina den store i 1775 for lojaliteten byen synte til keisarinna under Pugatsjevopprøret i 1773–1774.
På 1800-talet var Irbitmarknaden ei viktig hending for handelen med sibirsk pelsverk og kinesisk te.
Næringsliv og økonomi
[endre | endre wikiteksten]Under den andre verdskrigen vart ein motorsykkelfabrikk flytta hit frå Moskva. I meir enn femti år er over tre millionar IMZ-Ural motorsyklar produsert her. Fabrikken produserer no berre to tusen motorsyklar i året, dei fleste for eksport. I sovjettida vart det imidlertid produsert hundretusenvis av motorsykler her. I dag vert det produsert forskjellige motorsykkeltypar og reservedelar for dei, med spesialisering innan tunge motorsykler med sidevogner.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Irbit» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2009.