Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Ivalo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ivalo (nordsamisk Avvil, enaresamisk Avveel) er kommunesenter i Enare kommune i Lappland i Nord-Finland, sør for Enaresjøen.

Staden hadde i 2003 ca. 4000 innbyggjarar. Dei lever av det lokale kraftverket og av turisme. Mykje av trafikken mellom Noreg og Russland går gjennom Ivalo.