Jødespansk
Jødespansk גֿודֿיאו-איספאנייול Djudeo-Espagnol גֿידֿייו Djidio גֿודֿזמו Djudesmo איספאנייול Espagnol איספאנייוליקו Espagnolico חאקיטיאה Jaquetía לאדינו Ladino | ||
Klassifisering | indoeuropeisk italisk romansk vestleg gallo-iberisk ibero-romansk vest-iberisk spansk | |
Talarar | Sefardiske jødar | |
Bruk | ||
Tala i | Israel Tyrkia USA Frankrike Hellas Brasil Storbritannia | |
Jødespansktalande i alt | Mellom 70 000 og 200 000[1] | |
Skriftsystem | Mest latinske bokstavar. Opphavleg rashiskrift og solitreo Andre skriftsystem: Arabisk, gresk, hebraisk og kyrillisk. | |
Normert av | Autoridad Nasionala del Ladino i Israel | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | lad | |
ISO 639-3 | lad |
Jødespansk er ein samleterm for språkformer av spansk med meir eller mindre påverknad frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardiske jødar i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel.
Jødespansk inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk – det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel – er det mange tyrkiske og greske lånord.
Andre namn for jødepansk inkluderer djudíospanyol, djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særleg i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.
Språklege særtrekk for jødespansk varierer mykje mellom dei ulike dialektane, men blant dei mest typiske kan nemnast:
- M for N i ord som muestro/nuestro (‘vår’ (pron.)); mueve/nueve (‘ni’ (num.)).
- G for H i ord som agora (‘no’, sp. ahora).
- -U for -O i endingar: anyu/anyo (‘år’); sinku/sinko (‘fem’, sp. cinco).
- Bevart stemt S mellom vokalar: kaza (‘hus’, sp. casa).
Jødespansk har tradisjonelt vorte skrive med det hebraiske alfabetet, men frå først på 1900-talet har det vore vanleg å skrive språket med det latinske alfabetet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Judeo-Spanish Language - General Overview» (på engelsk). Henta 6. januar 2013. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Socolovsky, Jerome. «Lost Language of Ladino Revived in Spain», Morning Edition, National Public Radio, March 19, 2007. [1]