Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Jalawla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jalawlā
arabisk جلولاء, kurdisk Gulala, tyrkisk Celavla
by
Land  Irak
guvernement Diyala
Distrikt Khanaqin
Folketal 80 000  (2015)
Kart
Jalawla
34°16′47″N 45°09′58″E / 34.2797222°N 45.1661111°E / 34.2797222; 45.1661111

Jalawla (arabisk جلولاء, òg kalla Gulala, eller stundom feilaktig Jalula) er ein by i Diyala guvernement i Irak. Han ligg ved breidda av elva Diyala[1] 8 km nord for Al-Sadiyah.

I 2017 var det estimert at byen hadde 80 000 innbyggjarar.

Slaget ved Jalula fann stad i byen mellom Sasanideriket og Rashidun-kalifatet kort tid etter erobringa av Ktesifon. Historikaren Ibn al-Athir skreiv at dei persiske tapa i Jalawla nådde 100 000 mann og at dei døde mennene har «Jellat» (fylt grunnen) slik at området vart kjend som Jalawla.

Frå august til november 2014 vart byen i hovudsak kontrollert av Den islamske staten i Irak og Syria og lokale arabiske stammer som erobra byen frå irakiske styrkar.[2]

23. november 2014 atterobra den kurdiske Peshmerga heile byen att.[3]