Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

James David Vance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James David Vance

Fødd2. august 1984 (40 år)
Middletown
Statsborgar avUSA
PartiDet republikanske partiet i USA
Yrkeskribent, investor, kommentator, politikar, corporate lawyer, filosof
InstitusjonarSidley Austin
Revolution LLC
Mithril Capital
Utdanna vedMiddletown High School
Ohio State University
Yale Law School
EktefelleUsha Vance
Alle verv
  • senator i USA (2023–)
  • visepresident­kandidat (2024–)
  • visepresident (2025–) Sjå dette på Wikidata

James David Vance (fødd James Donald Bowman i 1984) er ein amerikansk politikar for Det republikanske partietinvestor og jurist frå Middletown i Ohio. Han har vore senator for Ohio sidan 2023. Den 15. juli 2024 vart Vance utpeika av Det republikanske partiet og Donald Trump til visepresidentkandidat for Trump i det komande amerikanske presidentvalet i 2024.[1][2]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Hans besteforeldre på begge sider kom frå Breathitt County i Kentucky i randen av Appalachia, og flyttet til Middletown i Rustbeltet.

Etter avslutta skulegang forlét han Middletown.[3]

Endring av etternamn

[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg heitte han James Donald Bowman. Foreldra skilde seg då han var eit par år gammal, og ikkje lenge etter gifta mora seg på nytt og sørgde for at sonen fekk etternamnet til adoptivfaren sin, Bob Hamel. Seinare i oppveksten flytta han til foreldra til mora, Jim og Bonnie Vance, og fekk namnet James David Vance.[4]

Frå militæret til sivil karriere

[endre | endre wikiteksten]

Vance har tenestegjort i det amerikanske marinekorpset, der han arbeidde som krigsjournalist i Irak, i 2nd Marine Aircraft Wing. Han studerte statsvitskap og filosofi ved Ohio State University og er utdanna jurist frå Yale Law School. Etter jusstudia flytta han til Silicon Valley for å jobba som investor, og han har over tid lagt seg opp ein stor formue.[5]

Bokutgiving

[endre | endre wikiteksten]

I 2016 publiserte han boka Hillbillyens klagesang, som han hevda var ei sjølvbiografisk skildring av oppveksten under tøffe vilkår i Ohio i dei fattige områda rundt fjellkjeda Appalachane. I USA blir fattigfolk frå desse områda ofte omtalt som hillbillies, og allereie då boka kom ut reiste det seg kritiske stemmer som hevda at Vance slett ikkje hadde vakse opp i fattige kår, men tvert imot hadde ein kvit middelklassebakgrunn.[6][7]

Etter bokutgivinga vart Vance ofte invitert til å kommentera samfunnsutviklinga i USA, og ikkje minst den politiske utviklinga. I samband med dette tok han mellom anna avstand frå Donald Trump, og hevda at fattige veljarar i Appalachane søkte seg mot Trump – som då var presidentkandidat for første gong – fordi dei (feilaktig) trudde at han var den som forstod og ville hjelpa dei ut av misèren dei levde i.[8]

Boka vart seinare filmatisert; TV-filmen hadde premiere på Netflix i 2020.[9][10]

Fotnotar
  1. «Trump picks Ohio Sen. JD Vance for vice president». NBC News (på engelsk). 15. juli 2024. Henta 15. juli 2024. 
  2. Jude Sheerin (16. juli 2024). «Who is Usha Vance, lawyer and wife of Trump's VP pick?» (på engelsk). BBC News. Henta 16. juli 2024. 
  3. «Der Milliardär und das kleine Mädchen» (på tysk). Neue Zürcher Zeitung. 2. juni 2018. 
  4. Sabrina Knoll; Nadine Wolter (16. juli 2024), «J.D. Vance: Sechs Fakten über den Running Mate von Donald Trump», Der Spiegel (på tysk), ISSN 2195-1349, henta 16. juli 2024 
  5. Heater, Brian (22. mars 2017). «‘Hillbilly Elegy’ author J.D. Vance joins Revolution LLC to promote startups outside of Silicon Valley». TechCrunch (på engelsk). Henta 15. juli 2024. 
  6. Smarsh, Sarah (13. oktober 2016). «Dangerous idiots: how the liberal media elite failed working-class Americans». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 16. juli 2024. «Part of the current glimpse is JD Vance, author of the bestselling new memoir Hillbilly Elegy. A successful attorney who had a precariously middle-class upbringing in an Ohio steel town, Vance wrote of the chaos that can haunt a family with generational memory of deep poverty. A conservative who says he won’t vote for Trump, Vance speculates about why working-class whites will: cultural anxiety that arises when opioid overdose kills your friends and the political establishment has proven it will throw you under the bus. While his theories may hold up in some corners, in interviews coastal media members have repeatedly asked Vance to speak for the entire white working class.» 
  7. Berry, Lorraine (15. juli 2024). «Opinion: J.D. Vance's book 'Hillbilly Elegy' was a con job. Don't let it slide». Los Angeles Times (på engelsk). Henta 16. juli 2024. «A few contemporary reports called out Vance’s misrepresentations and the media’s fallacious thinking. In October 2016, writing for the Guardian, journalist Sarah Smarsh pointed out that exit polls and surveys showed that Trump supporters had a higher median income — $72,000 — than supporters of Hillary Clinton or Bernie Sanders. Vance himself, she reported, had been raised in a middle-class household. By ignoring such realities, Smarsh argued, “Media makers cast the white working class as a monolith and imply an old, treacherous story convenient to capitalism: that the poor are dangerous idiots.”» 
  8. Barbaro, Michael (19. august 2016). «Understanding the Trump Voter». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 16. juli 2024. «In the latest episode of The Run-Up, we spoke with a man who may be better qualified than anyone to answer that question: J. D. Vance, who grew up in the heart of Mr. Trump’s America, Appalachia, where stubborn poverty, economic decay and class resentment were as firmly rooted as the coal mines. [---] “These people feel ignored in a very substantive way,” he said, especially by the Republican Party, with which they have long identified. | “They’re not addressing the sense of crisis that I think a lot of these people feel in their own lives and that they see in their own communities,” Mr. Vance said. | “So along comes Donald Trump,” he continued, “talking the way that they talk and simultaneously speaking to their concerns over trade and over the economy, so it’s not super surprising that they’ve gravitated towards him.”» 
  9. Howard, Ron; Close, Glenn; Basso, Gabriel (24. november 2020). «Hillbilly Elegy». IMDb (på engelsk). Imagine Entertainment, Netflix. Henta 15. juli 2024. 
  10. «J.D. Vance kalte Trump en «idiot». Nå er han utpekt som Trumps høyre hånd.». Aftenposten (på norsk bokmål). 15. juli 2024. Henta 15. juli 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: James David Vance