Jean-Auguste-Dominique Ingres
Jean-Auguste-Dominique Ingres | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 29. august 1780 Montauban |
Død |
14. januar 1867 (86 år) |
Yrke | kunstmålar, politikar, fiolinist, teiknar, grafikar, grafikar, arkitekt, bygningstegner, biletkunstnar |
Sjanger | historiemåleri, portrettmåleri, akt, portrett, orientalisme |
Medlem av | Académie des beaux-arts |
Far | Jean-Marie-Joseph Ingres |
Ektefelle | Delphine Ramel, Madeleine Chapelle |
Jean-Auguste-Dominique Ingres på Commons |
Jean-Auguste-Dominique Ingres (29. august 1780–14. januar 1867) var ein fransk målar. Han høyrde til seinklassisismen i europeisk målarkunst.
Han var fødd i Montauban sørvest i Frankrike, fekk utdanninga si ved akademiet i Toulouse, og drog til Paris i 1796 for å studera målarkunst under Jacques-Louis David. Etter kort tid forlét han atelieret til læraren på grunn av ei konflikt om målarstil. Ingres var mellom anna meir oppteken av konturar og liner enn læraren sin.
Han vann Prix de Rome i 1801. Meisterverket hans, Grande Odalisque, som syner ei haremsjente med for mange ryggvirvlar, er utstilt i Louvre.
Ingres er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Det franske uttrykket «violon d'Ingres», om ein hobby, kjem frå Ingres sin vane med å spela fiolin for å kopla av frå målararbeidet.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Napoleon på si keisartrone
-
Mme. Moitessier, 1856
-
Madame Duvaucey, 1807
-
Le Valpinçon, 1808, Louvre
-
Marcotte d'Argenteuil, 1810
-
Louise de Broglie, Comtesse d'Haussonville, 1845, Frick Collection
-
Baronnesse James de Rothschild, 1848, Louvre
-
Princesse Albert de Broglie, née Joséphine-Eléonore-Marie-Pauline de Galard de Brassac de Béarn, 1853, Metropolitan Museum of Art