Jinchang
Utsjånad
Jinchang (kinesisk: 金昌市, pinyin: Jīnchāng) er eit byprefektur sentralt i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 8 896 km² og hadde 464 050 ibuarar i 2010. Jinchang er ein del av Hexi-korridoren.
Byprefekturet Jinchang omfattar distriktet (区 qū) Jinchuan og fylket (县 xiàn) Yongchang.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Landbruk og råvarebaserte industriar er grunnleggjande for økonomien i Jinchang.
Byprefekturet vert kalla Kinas nikkelhovudstad og har rikeleg av andre mineralressursar som kvarts, jarn, mangan, kopar, kobolt, sink, gull, wolfram og kalkstein.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Jinchang har samband med utomverda gjennom Lanzhou-Xinjiang-jarnbana og lufthamna Jinchang-Jinchuan, den siste opna i august 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jinchang» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2012.