Johannes Vermeer
Jan Vermeer | |
Utsnitt av De koppelaarster, mogleg sjølvportrett | |
Statsborgarskap | Dei sameinte Nederlanda |
Fødd | oktober 1632 Delft, Dei sameinte Nederlanda |
Død |
gravlagd 15. desember 1675 (Ca. 43 år) |
Utdanning | Mogleg elev av Carel Fabritius |
Yrke | kunstmålar, kunstsamlar |
Kjende verk | Jente med perleøyredobb Målaren i sitt atelier også kalla Allegori over målarkunsten |
Påverka | Vilhelm Hammershøi Salvador Dalí |
Periode | Barokken, den nederlandske gullalderen |
Sjanger | sjangermåleri, portrett |
Religion | kalvinisme, katolisisme |
Far | Reijnier Janszoon Vermeer |
Mor | Digna Baltus |
Ektefelle | Catharina Bolenes |
Johannes Vermeer på Commons |
Jan Vermeer (nederlandsk: Johannes Vermeer, i samtida også kalla Joannis ver Meer, Joannis van der Meer) døypt/gravlagd (31. oktober 1632–15. desember 1675)[1] var ein nederlandsk kunstmålar som no er ein av dei best kjende kunstnarane frå den nordeuropeiske barokken.
I levetida si var han kjent i Delft og Haag, men han blei fort gløymt etter at han var død; han var knapt nemnt i den store kjeldeboka om hollandsk måleri frå 1600-talet skriven av Arnold Houbraken. I nær to hundre år blei han ikkje nemnt i oversikter over nederlandsk kunst.
Vermeer spesialiserte seg på interiørscener frå middelklassen og var ein moderat framgangsrik, provinsiell sjangermålar i levetida si. Det kan sjå ut til at han aldri var særleg velståande, kanskje fordi han produserte relativt få måleri og han hadde gjeld som gjekk i arv til ektefelle og born då han døydde.
Berre 35 måleri kan med sikkerheit tilskrivast Vermeer og det mest kjende er nok Jente med perleøyredobb. Måleria er stilt ut på mellom anna Rijksmuseum, Mauritshuis, Kunsthistorisches Museum, National Gallery of Scotland, Metropolitan Museum of Art og Gemäldegalerie Alte Meister.
Utvalde illustrasjonar
[endre | endre wikiteksten]-
Het melkmeisje (Tenestejenta) (1657-1658)
-
De astronoom (Astronomen) (1668)
-
Meisje met de parel (Jente med perleøyredobb) (1665)
-
De muziekles (Musikkleksjonen) (1662-65)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Johannes Vermeer[daud lenkje] i databasa til RDK