Jonisk gresk
Utsjånad
Jonisk | ||
Klassifisering | indoeuropeiske språk hellensk gammalgresk austleg | |
Bruk | ||
Område | Kring Egearhavet | |
Språkkodar | ||
Jonisk var ein gammalgresk dialekt talt i Jonia på vestkysten av Litleasia og på dei fleste øyane i Egearhavet. Det var nært i slekt med attisk. Ved sidan av attisk er jonisk den viktigaste litterære dialekten i Hellas før koiné-perioden, og vart ofte nytta i epos (med innslag frå andre dialektar, særleg aiolisk), elegi og jambedikting, og dessutan i eldre prosa, som til dømes Herodot og Hippokrates.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«jonisk» i Store norske leksikon, snl.no.