Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Julia Gillard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julia Eileen Gillard

Fødd29. september 1961 (63 år)
Barry i Wales i Storbritannia
Statsborgar avAustralia
PartiAustralian Labor Party
Yrkepolitikar, advokat
InstitusjonarSlater and Gordon
Utdanna vedUniversity of Adelaide
Melbourne Law School
Unley High School
SambuarTim Mathieson
VervStatsminister i Australia 24. juni 2010–27. juni 2013
FøregangarKevin Rudd
EtterfylgjarKevin Rudd
Alle verv
  • Australias statsminister (2010–2013)
  • Deputy Prime Minister of Australia (2007–2010)
  • Australias undervisningsminister (2007–2010)
  • Minister for Employment and Workplace Relations (2007–2010)
  • Minister for Social Inclusion (2007–2010)
  • Manager of Opposition Business in the House (2003–2006)
  • Commonwealth Chairperson-in-Office (2011–2013)
  • medlem i det australske Representantenes hus (1998–2013) Sjå dette på Wikidata

Julia Eileen Gillard (fødd 29. september 1961) er ein australsk arbeidarpartipolitikar som var statsminister i Australia frå 2010 til 2013. Ho var Australias første kvinnelege statsminister og den første utanlandsfødde statsministeren sidan Billy Hughes.[1][2][3]

Gillard er dotter av ein walisisk kolgruvearbeidar, og har Aneurin Bevan som eit politiske førebilete.[4]

Familien emigrerte til Australia i 1966 for å la Julia vekse i eit varmare klima på grunn av at ho hadde astma.[5] Dei busette seg i Adelaide. I 1978 vart Gillard uteksaminert frå Unley High School. Deretter studerte ho ved University of Adelaide før ho byrja studere kunst og juss ved University of Melbourne. Ho vart uteksaminert i 1986.

I 1987 byrja Gillard i advokatfirmaet Slater & Gordon i Werribee i Victoria, der ho arbeida innanfor arbeidsrett.[6] I 1990, då ho var 29 år, vart ho partnar i advokatfirmaet.[7]

Politisk virke

[endre | endre wikiteksten]

Gillard vart første gong vald inn i det australske parlamentet frå ein krets i Melbourne i 1998 og seinare gjenvald i 2001, 2004 og 2007.[8]

I 2006 vart Julia Gillard vald til nestleiar for Australian Labor Party og 24. juni 2010 vart ho leiar, etter at statsminister Kevin Rudd trekte seg som følgje av leiarstriden i partiet.[9]

Ho vant valet i Australia 2010 og vart statsminister. 26. juni 2013 tapte ho leiarvalet i partiet mot Kevin Rudd. Ho leverte deretter ein avskjedssøknad som statsminister, og Kevin Rudd overtok stillinga 27. juni 2013.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Christian Kerr og Matthew Franklin (13. juni 2010). «Julia Gillard 'honoured' to become prime minister as Kevin Rudd stands aside». Theaustralian.com.au. Henta 24. juni 2010. 
  2. Craig James (20. juni 2010). «Julia Gillard – meet Australia’s first female PM». Switzer.com.au. Arkivert frå originalen 27. juni 2010. Henta 24. juni 2010. 
  3. «Backgrounder: Julia Gillard, first female PM in Australia». News.xinhuanet.com. Henta 24. juni 2010. 
  4. «Focus and ambition drive Gillard's success»[daud lenkje] Farm Weekly 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010
  5. «Julia Gillard Interview Transcript» Australian Story 6. mars 2006. Besøkt 24. juni 2010
  6. «The Other Biography: Jacueline Kent's "The Making of Julia Gillard" by Christine Wallace». The Monthly. Schwartz Publishing. October 2009. Henta 24 juni 2010. 
  7. Mark Davis (24. juni 2010). «Focus and ambition drive Gillard's success». farmonline.com.au. Henta 24. juni 2010. [daud lenkje]
  8. CV hos det australske parlamentet Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine.. Besøkt 24. juni 2010
  9. «Julia Gillard er Australias første kvinnelige statsminister», Aftenposten 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010