Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Julie Clary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julie Clary

Julie Clary med dottera Zénaïde måla av Robert Lefèvre i 1807.
Fødd26. desember 1771
Marseille
Død7. april 1845
Firenze
Tittelspansk dronninggemalinne
Alle titlarkongegemalinne
Hus eller slektClary family, Huset Bonaparte
GravstadBasilica di Santa Croce
LandFrankrike
MorFrançoise Rose Clary
FarFrançois Clary
EktefelleJoseph Bonaparte
BarnZénaïde Bonaparte, Charlotte Bonaparte, Júlia Bonaparte

Marie Julie Clary (26. desember 17717. april 1845) var ei dronning av Napoli og Spania. Ho var gift med Joseph Bonaparte, som var ein eldre bror av Napoleon I, og var syster av dronning Desideria av Sverige og Noreg.[1]

Julie var fødd i Marseille som dotter til den rike silkehandlaren François Clary og Françoise Rose Somis. Ho gifte seg med Joseph Bonaparte i 1794. Systera hennar Désirée gifta seg med Jean Baptiste Bernadotte i 1798.

Julie blei med ektemannen til Italia då han blei send til Roma som ambassadør i 1797. Dei slo seg ned i Paris i 1804.[2] I 1800 hadde Julie kjøpt Château de Mortefontaine i Frankrike, og ho var det meste av tida si med familien sin i Paris. Då Napoleon utropte seg til keisar i 1804 fekk Julie tittelen keisarleg prinsesse og bar slepet til keisarinne Joséphine ved kroninga hennar.[3] Julie blir skildra som sjarmerande, med ein tilbakehalden personlegdom, som føretrekk å halda til i krinsen av slektningane sine.

Julie med døtrene sine Zénaïde og Charlotte i 1808. Oljemåleri av François Gérard.

Julie var dronning då Joseph var konge av Napoli 1806–1808 og konge av Spania. Ho vitja Napoli våren 1808, og var der i tre månader til Joseph blei utnemnd til konge av Spania. Julie følgde ikkje med han til Spania, men vende tilbake til Mortefontaine. Ho representerte då i staden interessene til Joseph ved keisarhoffet, slik som synet om at Spania ikkje burde delast.

Etter at Napoleon blei avsett for fyrste gong i 1814 kjøpte Julie eit gods i Sveits. Ho vende tilbake til Frankrike med Joseph under dei hundre dagane då Napoleon var tilbake ved makta. Etter det andre nederlaget til Napoleon blei mannen hennar nøydd til å dra i eksil i USA. Julie og døtrene hennar fekk takka vera vernet frå svogeren hennar Bernadotte, som var ein av sigerherrane, høve til å bli verande i Europa. Mellom 1815 og 1821 budde ho i Frankfurt am Main og Brussel, der syster hennar Désirée vitja henne, og til slutt i Firenze. I 1840 busette maken hennar seg med henne i Firenze, der han døydde 1844

Ho hadde to barn: Zénaïde Bonaparte (1801–1854), som blei gift i 1822 med syskenbarnet sitt Charles Lucien Bonaparte, og Charlotte Bonaparte (1802–1839), som blei gift i 1825 med syskenbarnet Charles Napoléon Louis Bonaparte.

  1. Juan balanso. Julia Bonaparte, reina de España, Planeta, 1991 - 170 sider, 1. utg., ISBN 8432045381, 2001, 2. opplag, ISBN 9788432045387
  2. Lindwall, Lilly: (Swedish) Desideria. Bernadotternas anmoder.[Desideria. The Ancestral Mother of the Bernadottes] Stockholm. Åhlén och Åkerlunds Förlag A.-B. (1919)
  3. Mansel, Philip. The Eagle in Splendour: Inside the Court of Napoleon