Kalott
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om hovudplagget. For den matematiske tydinga, sjå kulekalott.
Ein kalott (av fransk diminutiv av cale, ei sideform til écale ‘skolm, skal’)[1] er ei tettsittande, rund hue utan brem som berre dekker issen. I Europa vart kalott nytta av både borgarar og embetsmenn på 1500- og 1600-talet. Som ein del av embetsdrakta vart kalotten òg boren av det katolske presteskapet. Fleire austerlandske folkeslag går med kalott, ofte i samband med turban.[2]
Kalott er òg kjend frå enkelte norske folkedrakter.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- chechia, nordafrikansk lue
- kipa, ein jødisk kalott
- kufi, vestafrikansk lue
- kofia, austafrikansk lue
- zucchetto, ein romersk-katolsk kalott.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «kalott» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 «kalott». Store norske leksikon. 2. desember 2011.