Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Kantonen Fribourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fribourg
Freiburg, Friburgo, Friburg
kanton
Symbol
Forkorting: FR
Land  Sveits
Del av Romandie, Espace Mittelland
Hovudstad Fribourg
Høgaste punkt Vanil Noir
 •  høgd 2 389 moh.
Areal 1 671,36 km²
Folketal 318 714 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1481
Kart
Kantonen Fribourg
46°43′00″N 7°05′00″E / 46.716666666667°N 7.0833333333333°E / 46.716666666667; 7.0833333333333
Kart som viser Kantonen Fribourg.
Kart som viser Kantonen Fribourg.
Kart som viser Kantonen Fribourg.
Wikimedia Commons: Canton of Fribourg

Fribourg er ein kanton i det vestlege Sveits, på søraustsida av Neuchâtelsjøen. Kantonen har eit areal på 1 671 km2, og hadde om lag 320 000 innbyggarar i 2018. Byen Fribourg er hovudstad i kantonen.

Høgste fjella i Fribourg; Dent de Brenleire til høgre, med Vanil Noir bakom.
Kart over distrikta i Fribourg.

Fribourg grensar til kantonane Bern i nord og aust, og Vaud i sør og vest. På motsett side av Neuchâtelsjøen ligg kantonen Neuchâtel. Fribourg har tre eksklavar i Vaud og ein i Bern, medan Bern har to enklavar i Fribourg.

Landskapet er ganske flatt i den vestlege delen av kantonen, medan det i aust stig opp og inn i Bern-Alpane. Neuchâtelsjøen på 429 moh er det lågastliggande punktet i kantonen, medan den 2 389 meter høge fjelltoppen Vanil Noir på grensa mot Vaud er det høgste punktet. Elva Saane renn frå sør til nord gjennom kantonen, ho samlar opp i seg størstedelen av nedbøren i kantonen. I nordvest grensar Moratsjøen opp mot kantonen.

Språk og samfunn

[endre | endre wikiteksten]

16,7 % av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Fransk er det mest utbreidde talemålet i Fribourg, om lag to av tre er fransktalande. Resten talar ulike alemanniske dialektar. I kring 70 % av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja, og ei 15 % er protestantar.

Distrikt og kommunar

[endre | endre wikiteksten]

Fribourg består av 168 kommunar som er samanslutta i sju distrikt. Dei sju distrikta er; Broye, Glâne, Gruyère, Sarine, Lac, Sense og Veveyse.

Dei største byane er kantonshovudstaden Fribourg og Bulle.

Kantonen Fribourg slutta seg til den sveitsiske konføderasjonen i 1481. Området består av land som hovudstaden Fribourg har skaffa seg. Dagens storleik/flatevidd vart nådd i 1803 då kommunen Murten vart lagt til kantonen, mot viljen til dei fleste innbyggarane på staden.

Kantonen Fribourg slutta seg i 1846 til separatististrørsla av katolske kantonar, det såkalla Sonderbund. Etter den sveitsiske borgarkrigen i 1847, overgav Fribourg sine troppar seg til den føderale hæren.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kantonen Fribourg