Katalase
Utsjånad
Katalase er eit enzym som finst i dei fleste menneskesellene og som kløyver det giftige stoffskifteproduktet hydrogenperoksid (H2O2) til vatn og oksygen. Det vernar slik sellene mot skadelege verknader av hydrogenperoksidet.
Katalase er særs vanleg og finst i nesten alle seller og organ i dyr, i alle undersøkte planter, og i dei fleste mikroorganismane utanom dei som krev oksygenfrie levemiljø.
Katalase inneheld som funksjonell gruppe ein tetrapyrrol, som er identisk med hemet i hemoglobin. Det er eit av dei mest aktive enzyma som er kjende.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«katalase» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 8. januar 2017.