Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Katja Seizinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katja Seizinger


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. mai 1972 (52 år)
Datteln
Idrett alpint
Tok del i Alpint under Vinter-OL 1994 – Utfor kvinner, alpine skiing at the 1998 Winter Olympics – women's downhill, Alpint under Vinter-OL 1992 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm kvinner, alpine skiing at the 1998 Winter Olympics – women's combined
Utmerkingar Silbernes Lorbeerblatt, Baden-Württembergs fortjenstorden, Hall of Fame des deutschen Sports

Katja Seizinger (fødd 10. mai 1972) er ein tysk tidlegare alpinist, fødd i Datteln i Nordrhein-Westfalen, som vann verdscupen i alpine greiner i 1996 og 1998. Ho vann eitt VM-gull i 1993 og til saman tre OL-gull i 1994 og 1998. Mellom 1992 og 1998 sikra ho seg ni medaljar (4-3-2) i dei store internasjonale meisterskapane.

Seizinger var i sju sesongar på rad, 1992-98, alltid ein av dei tre beste kvinnelege alpinistane i verdscupen i alpine greiner. To gongar vart ho nummer tre (1992 og -94), tre gongar nummer to (1993, -95 og -97) og to gongar vann ho (1996 og -98). Fire sesongar, 1992-94 og 1998, vann ho utfor-pokalen, og fem gongar vann ho super-G-pokalen; 1993-96 og 1998. Mellom desember 1991 og januar 1998 vann Seizinger totalt 36 renn i verdscupen; 16 i utfor, 16 i super-G og fire i storslalåm. Vreni Schneider frå Sveits, Pernilla Wiberg frå Sverige, Anita Wachter frå Austerrike og landskvinna Martina Ertl var hennar hardaste konkurrentar.

Seizinger tok bronsemedaljen super-G-tevlinga under Vinter-OL 1992 i Albertville. Vinteren etter vart ho verdsmeister i same øvinga under VM i Morioka i Japan. Under vinterleikaneLillehammer i 1994 vann ho gullmedaljen i utforrennet. I spanske Sierra Nevada kapra ho sølvmedaljen i VM-utforen. Nye sølvmedaljar vann ho både i super-G og i kombinasjonen under VM 1997 i Sestriere. Under Vinter-OL 1998 i Nagano sikra ho gullmedaljar i utfor og i kombinasjonen, samt bronse i storslalåm.

Ho la opp etter 1998-sesongen.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]