Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Katten med støvlane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon frå 1695

Katten med støvlane (fransk Le Maître chat ou le Chat botté, italiensk Il Gatto Maestro o il Gatto con gli Stivali, tysk Der Meisterkater oder der Kater inn Stiefeln eller Der gestiefelte Kater, engelsk The Master Cat, or the Booted Cat eller Puss inn Boots), er eit klassisk folkeeventyr formidla av Charles Perrault i hans Contes de ma mère l'Oye (Gåsmors eventyr; 1697), og før dette av Giambattista Basile som Gagliuso i 1634.

I det fyrste opplaget av Grimm-brørne sine eventyr var dette eventyret med som nr 33, men det har ikkje stått i alle opplag.

Le Chat botté av Gustave Doré

I Grimm sitt eventyr får tre brør kvar si arv frå far sin, som var møllar. Den eldste får kverna, den mellomste broren får eit esel og den yngste får ein hannkatt som verker vera verdilaus. Men katten, som kan snakka, viser seg vera svært listig. Han overtalar den nye eigaren sin til å ikkje la laga eit par hanskar av skinnet hans, men i staden bruka dei siste pengane sine til å kjøpa eit par støvlar til katten. Som takk klarer katten jakta ein sekk full av rapphøns til kongen, som betalar for han med gullmynt. Katten klarer så å skaffa ein fin eigdeom med eit slott på til eigaren sin gjennom å lura den føre eigaren, eit troll, til å skapa seg sjølv om til ei rotte som katten så et opp. Møllarsonen kan no utgje seg for å vera adelsmann under namnet «markien av Carabas», og giftar seg til slutt med kongsdottera.

Soga er filmatisert som animasjon ei rekkje gonger:

Walt Disney laga ein animert svart-kvitt-kortfilm basert på soga i 1922.[1]

Hayao Miyazaki laga ein mangaversjon av soga som blei filmatisert som The Wonderful World of Puss 'n Boots av Toei i 1969, med regi av Kimio Yabuki og Hayao Miyazaki som ein av nøkkelanimatørane.[2][3] Tittelfiguren, Pero, er kalla opp etter Perrault, og blei seinare maskott for Toei Animation. Fjeset hans er med i studiologoen.

I filmserien Shrek er katten med støvlane ein tilbakevendande figur. Han er ein Zorro-aktig figur som blir gjeven stemme av Antonio Banderas, som tidlegare har spelt Zorro. Det blei gjeve ut ein langfilm om katten i 2011, Puss in Boots, av DreamWorks Animation. Denne gav opphav til Netflix/DreamWorks-serien The Adventures of Puss in Boots, der Eric Bauza gav stemme til katten.

  • César Cui komponerte ein opera om katten med støvlane i 1913. Librettoen var skriven av Marina Stanislavovna Pol'. Operaen hadde premiere i Roma i 1915 med tittelen Il gato con gli stivali. I 1961 kom det ut ein omarbeidd sovjetisk versjon medrevidert libretto, Kot v sapogakh (Кот в сапогах). På 1970-talet blei operaen populær i Aust-Tyskland som Der gestiefelte Kater.
  • Xavier Montsalvatge skreiv barneopera El gato con botas med libretto av Néstor Luján. Denne blei uroppført i Barcelona Gran Teatre del Liceu i 1947.
  • Mästerkatten i stövlar, med musikk av Staffan Björklund og tekst av Lennart Hellsing. Han hadde premiere på Kungliga operan i Stockholm 22. mars 1997 i regi av Johanna Garpe med Peter Kajlinger i tittelrolla.
  1. «Puss in Boots». The Disney Encyclopedia of Animated Shorts. Arkivert frå originalen 5. juni 2016. Henta 14. juni 2009. 
  2. "Puss in Boots - Release Details". IMDbPro. Henta 27. mars 2017.
  3. "Puss in Boots". nausicaa.net. Henta 27. mars 2017.