Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Keith Harwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keith Harwood
Fødd1940
Død3. september 1977 (36 år)
OpphavUSA
Verka somfilmklyppar, ingeniør, audioingeniør

Keith Harwood (19403. september 1977) var ein amerikansk lydteknikar som er mest kjent for arbeidet sitt i Olympic Studios med musikarar som David Bowie (på Diamond Dogs i 1974[1][2]), Pretty Things og Ron Wood. Harwood samarbeidde lydteknisk på Rolling Stones-albuma It's Only Rock 'n' Roll (1974) og Black and Blue (1976) med høvesvis brørne Andy og Glyn Johns. Han var òg lydteknikar på ei rekkje Led Zeppelin-album, mellom anna Houses of the Holy (1973),[2] Physical Graffiti (1975) og Presence (1976).

I 1977 hadde Harwood vore med på miksinga av Rolling Stones-albumet Love You Live i Olympic Studios i London. På veg heim frå økta sovna han ved rattet som følgje av utmatting. Bilen hans køyrde av vegen i Sør-London i Queens Ride i Barnes, og inn i eit gammalt platantre, og drap han straks. Rolling Stones dedikerte Love You Live til minne om Harwood. Marc Bolan døydde i ei bilulykke same stad to veker seinare.

  1. Buckley, David (2005) [1999]. Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. s. 179. ISBN 978-0-75351-002-5. 
  2. 2,0 2,1 Pegg, Nicholas (2016). The Complete David Bowie (Revised and Updated utg.). London: Titan Books. s. 369. ISBN 978-1-78565-365-0.