Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Kikongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongo
Kikongo
Klassifisering Niger-kongo
 Atlantisk-kongo
  Benue-kongo
   Bantoid
    Bantu
     Sentralbantu
      Kongo
Bruk
Tala i  Angola
 Den demokratiske republikken Kongo
 Republikken Kongo
Kongotalande i alt ca. 7 millionar
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 kg
ISO 639-3 kon
Wikipedia på kongo

Kikongo er eit bantuspråk som vert brukt av bakongofolk og bandunufolk som lever i dei tropiske skogane i Den demokratiske republikken Kongo, Republikken Kongo og Angola.

Språket er tonalt og danna basisen for språket kituba, ein kreolsk bantuspråk og vert brukt mykje som lingua franca i deler av Vest-Afrika. Kongo vart snakka av mange menneske som vart selt som slavar i Amerika. Ein kan difor finna kreolvariantar av språket i rituelt bruk i blant anna Brasil, Jamaica, Cuba og Haiti. Det er òg ein av kjeldene til gullahfolkets språk og palenquerokreol i Colombia. Det finst om lag sju millionar menneske som har kikongo som morsmål, og kanskje to millionar i tillegg som har det som andrespråk.

Skriftspråk

[endre | endre wikiteksten]
Ei bøn skriven ned på kikongo

Kikongo var det første av alle bantuspråk som brukte det latinske alfabetet. Det finst kjelder som nemner at ein katekisme vart omsett til språket på befaling av ein portugisisk jesuitt, fødd i Kongo 1557, ved namn Diogo Gomes. Det finst likevel ingen versjonar av denne i dag. I 1624 tok Mateus Cardoso, ein annan portugisisk jesuitt, på seg oppgåva med å revidera og publisera ei kikongoomsetjing av den portugisiske katekismen (Marcos Jorge). Innleiingskapitlet i denne katekismen gjev informasjon om at omsetjinga vart gjort av kikongolærarar frå São Salvador (dagens Mbanza Kongo) og den innfødde Felix do Espírito Santo var mest sannsynleg òg med i arbeidet. Kongo vart det første bantuspråket som fekk ordbok. Ordboka vart skrive rundt 1648 til bruk av capuchinmisjonærer og den største bidragsytaren var Manuel Reboredo, ein sekulær prest frå Kongo som sidan vart ein del av capuchinfelleskapet som Francisco dei São Salvador. Bakarst i denne ordboka finn ein ein preken skrive ned på språket. Ordboka har rundt 10 000 ord.