Kloritt
Utsjånad
Klorittgruppa | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fylosilikat | ||
Kjemisk formel | (Mg,Fe)3(Si,Al)4O10 (OH)2·(Mg,Fe)3(OH)6 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Forskjellige tonar av grøn; sjeldan gul, raud eller kvit | ||
Krystallform | Blada massar, skala aggregat, impregnerte flak | ||
Krystallsystem | Monoklin 2/m; med somme triklin polymorfi. | ||
Kløyv | Perfekt 001 | ||
Brot | Lamellar | ||
Mohs hardleiksskala | 2–2.5 | ||
Glans | Glasaktig, perleaktig, matt | ||
Spesifikk vekt | 2.6–3.3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | 1.57–1.67 | ||
Andre eigenskapar | Fleksibel - ikkje elastisk |
Kloritt er ei gruppe mineral som i likskap med glimmerar lèt seg spalte opp i tynne flak på grunn av ein sjiktgitterstruktur. Spalteflaka er fleksible, men ikkje elastiske som hos glimmer.
Kloritt finst ofte i lågmetamorfe bergartar som fyllitt, grønskifer og kleberstein.
Minerala er hydroksylhaldige silikat av aluminium, magnesium og jarn, med generell formel (Mg,Fe,Al)6(Al,Si)4O10(OH)8. Einskilde klorittar kan òg innehalde nikkel, mangan, krom eller litium.
Hovudtypar
[endre | endre wikiteksten]- klinoklor (Mg5Al)(AlSi3)O10(OH)_8
- chamositt (Fe5Al)(AlSi3)O10(OH)_8
- nimitt (Ni5Al)(AlSi3)O10(OH)_8
- pennantitt (Mn5Al)(AlSi3)O10(OH)_8
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Raade, Gunnar (14. februar 2009). «Kloritt». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.