Kora
Kora | |||
| |||
Klassifisering | harpelutt | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 323.2 |
Kora er eit strengeinstrument som er utbreidd i Vest-Afrika. Koraspel er knytt til griot-tradisjonen, der ein utøvar spelar og fortel. I Gambia er kora rekna som nasjonalinstrument, men det blir også mykje brukt i Senegal, Mali, Guinea og Guinea-Bissau. Det er særleg knytt til mandinkafolk.[1]
Koraen er ei luttliknande harpe, der kroppen er laga av ein kalebass med ei kuskinn spent over. Instrumentet har vanlegvis 21 strenger. Ein spelar som regel kora i sitjande stilling, med instrumentet opprett og med strengane vende rett mot utøvaren. Ein spelar med begge hender på han, som på ei harpe, og knipsar strengane mellom tommel og peikefinger. Ein speler eit kontinuerleg ostinat (kumbengo) på dei djupare strengene og ein melodi (donkilo) eller improvisasjonar (birimitingo) på dei lysare strengene. Dei ulike stemmene er sjølvstendige og kontrasterande, og gjev ein kompleks, polyfon og ofte polyrytmisk musikk.[1]
Nokre kjende koraspelarar er Toumani Diabaté, Ballaké Sissoko og Mory Kanté.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Koraer sett frå ulike sider
-
Dekorert kora
-
Kora sett framanfrå
-
Koraspelaren Lamin Kuyateh
-
Koraspelaren Solo Cissokho
-
Koraspelar i Dakar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kora» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Søk: 'kora'». DigitaltMuseum.