Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Korsnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korsnesfjorden er ein delfjord av Vinjefjorden i Aure og Halsa kommuneNordmøre. Fjorden ligg på sørsida av øya Stabblandet og strekkjer seg 6,5 km austover til Arasvikfjorden.

Fjorden startar i vest mellom Korsneset i sør og Flesaskjer ved Flåsåsundet i nord. I aust endar fjorden mellom Taknes i sør og Bergeneset i nord ved enden av Imarsundet.