Krabbetåka
Utsjånad
Krabbetåka (katalogisert som M1, NGC 1952 og Taurus A) er ein supernovarest som ligg i stjernebiletet Tyren rundt 6500 lysår unna jorda.
Krabbetåka blei første gong observert i 1731 av den engelske astronomen John Bevis,[1] men supernova SN 1054, som er rekna som opphavet til krabbetåka, blei observert av kinesiske astronomar allereie i 1054.[2]
I midten av Krabbetåka ligg det ein pulsar,[2] ei hurtigroterande nøytronstjerna. Pulsaren er i lag med krabbetåka det som er att av den opphavlege stjerna som eksploderte.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «John Bevis (November 10, 1695 - November 6, 1771» - biologien til John Bevis på www.seds.org
- ↑ 2,0 2,1 «Factsheet: The Crab Nebula – perhaps most the interesting object in our night sky » Arkivert 2008-07-04 ved Wayback Machine. - fakta om Krabbetåka på heimesida til Hubble-prosjektet