Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Kvalitetsstyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvalitetsstyring eller kvalitetskontroll (stundom QC etter engelsk «Quality Control») er ein prosess som vert nytta innan industrien for å sikre at produkt og tenester oppfyller krava og forventningane til kunden. Ein deler opp arbeidet strukturert i dei to delane tilverknad og kvalitetskontroll. Dei ulike momenta vert gjort heilt separat på ulike avdelingar eller integrert i prosessarbeidet. For å avgjere kvaliteten nyttar ein ofte ein rekkje målingar, der ein døminga skjer på ein binær skala (godkjend eller ikkje godkjend) eller ein fleirgradsskala (til dømes 1-5). Kvalitetskontrollen vert anten gjort maskinelt eller av menneske.